Det kan vera mange inngangar til ei sak. Som at nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre nettopp la fram strategiplan for biblioteka saman med kulturministeren. Dagens tekst handlar om søstera hans, Ingunn Sira Myhre, noko intervjuet også tar tak i; at ho er søstera hans altså. Men så går intervjuet med Ingunn Sira Myhre for rundt ti år sidan fort over i noko meir substansielt; og her kjem det inn ein annan inngang:
Eg nytta høvet i den deilege augustmånaden til å ta ein tur til
Trondheim; ein flott tur gjennom mellom anna Gudbrandsdalen med
Lavprisekspressen. Mens eg rusla rundt i denne flotte byen som var i ferd med å
ta imot nye studentar, gjekk eg inn på Wangsmo Antikvariat og kom ut igjen med Væren og intet av Sartre, eit utval rett
nok. Og som ikkje det er nok, les eg for tida også romanen Gjesten av Simone de Beauvoir. Sartre og de Beauvoir kamperte saman
og blei på kvar sin måte viktige bidragsytarar til intellektuelt tankegods som
framleis mange har eit sterkt høve til.
Ingunn Sira Myhre
skreiv hovudoppgåva si i filosofi om Sartre, og det at han var opptatt av
medvit (”bevissthet”), at medvitet i seg sjølv er tomt, at det gir fridom, men
at me flyktar frå denne fridomen. Sira Myhre var i oppgåva si mellom anna opptatt
av likskapen mellom hans omgrep tomt medvit og den same tenkinga i indisk
filosofi. Men så kjem det; Sartre
nedvurderer kroppen, og dette kritiserer ho han for. Dei kroppslege erfaringane
våre utgjer ein viktig del av medvitet vårt, av eg-et, men Sartre såg på dette
som annanrangs, fortel Sira Myhre i intervjuet og meiner at dei kroppslege
erfaringane er viktige.
Og med spørsmålet ”Kva er det å vera eit menneske” i bagasjen etter
hovudfaget reiste ho tilbake til heimbyen Stavanger for å bli ny leiar for
nettverket for feministisk teori og kjønnsforsking, samtidig som ho skulle
forska. Nettopp fordi omgrepet menneske så ofte har vore synonymt med omgrepet
mann, er det eit poeng med kjønnsforsking, seier Ingunn Sira Myhre:
”Mye tyder på det, og dermed er det viktige erfaringer om å være menneske som er forsvunnet, eller ikke har kommet fram. Den filosofiske retningen fenomenologi er studiet av erfaringer på erfaringens egne premisser. Ut fra ønsket om at et begrep som ”menneske” skal være mest mulig sant, og reflektere bredest mulig det å være menneske, blir det viktig å studere erfaringer som tradisjonelt har vært knyttet til kvinner.”
Simone de
Beauvoir og hennar bok Det annet kjønn
danna forresten utgangspunktet for det forskingsarbeidet Ingunn Sira Myhre tok
fatt på då ho kom tilbake til Stavanger.
Så kan ein fundera over korfor Sartre neglisjerer kroppen, og lar
intellektuelle øvingar vera einerådande. Kanskje han ikkje hadde tilgang til
erfaringane kroppen kunne gje han? Eigne erfaringar i livet har gitt meg prov
på at kroppen sit inne med fleire svar på dårlege dagar, enn filosofiske
utlegningar klarar å lækja. Og at det er mykje visdom på innsida av kroppane
våre! Derfor drog eg kortet endå ein gong i går, etter å ha smuglest litt i
boka på biblioteket, og kjøpte boka Sjarmen
med tarmen av den 25 år gamle tyske forskaren Giulia Enders. Endeleg ei ung
kvinne som fokuserer på noko anna enn det ytre! Les meir om boka her.
Ingunn Sira Myhre er forresten nå doktorgradsstipendiat ved
Universitetet i Stavanger – heiter visstnok Ingunyrsa Milia Mandt Larsen og
prosjektet hennar blir omtalt slik:
D35/37””Nærværets didaktiske betydning – en studie av nærvær i estetiske og emosjonelle læringsprosesser”. Prosjektet belyser aktuelle betydninger av nærværsbegrepet innenfor estetisk og pedagogisk teori og praksis. På bakgrunn av systematisk og analytisk tilnærming til nærværsfenomenet, skal skisseres et begrep om didaktisk nærvær.”