10. juli 2015

Journalistdraumen



For ei veke sidan fekk eg ein sms frå svigerinna mi: Høyr på NRK Rogaland i dag! Eg fekk ikkje med meg radiosendinga direkte, men med den geniale nettløysinga der ein enkelt og lett kan gå tilbake og høyra tidlegare sendingar, fekk eg med meg saka: Plassane til vidaregåande skule til hausten var fordelte. Journalistane ville prøva å koma med ei gladmelding til éin av desse på direkten, før alle fekk veta korleis det låg an dagen etter. Ideen heldt på å bli øydelagt av at ingen var å få tak i! Men så var det éi jente som ringte tilbake, tantebarnet mitt Malene. Ho hadde søkt om opptak på Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund, og var mildt sagt litt spent på om ho hadde godt nok gjennomsnitt for å koma inn på førstevalet sitt. Men ho fekk gladmeldinga; ho var komen inn og var kjempeglad. Ikkje minst fordi ho nå kunne få nokre år ekstra å finna ut kva ho ville bli.

Sjølv var eg heldig i så måte. Sju år gammal var kursen staka fram: eg ville bli journalist! Etter gymnaset og eitt år på folkehøgskule, var det medielinja i Volda som var målet. Nålauget var veldig smalt for å koma inn; året før eg søkte var det berre om lag 1 av 7 som kom inn. Men som ein nabo i Grinde sa då eg fortalde dette; jo – men nokon skal jo inn! 


I søknaden ville folka i Volda ha ei fyldig sjølvmelding der me mellom anna gjorde greie for særlege interesser, tillitsverv og fritidsaktivitetar, i tillegg til relevant praksis! Endeleg kunne eg oppsummera og kanskje få nytte av eit travelt ungdomsliv! Er litt tvilsam til i dag om detaljen om at laget mitt blei krinsmeister i fotball i 1979 var avgjerande, men det står nå der – svart på kvitt. Det var nok den formålsretta aktiviteten med mellom anna å laga Skjold-avisa, eit hefte i A5-format som oppsummerte aktivitetane i heile idrettslaget år etter år, som gjorde utslaget. Dette var før pc-en sjølvsagt. Det var klypp og lim, og titlar blei nøye forma med letraset. Eg skreiv også programblada før A-laget sine heimekampar. Tok ein telefon til motstandarlaget, laga eit lite intervju om stoda så langt, og fekk lagoppstillinga. Det var kjekt, alt gav erfaring. Men det mest avgjerande blei nok det arbeidet eg gjorde i Tysvær Bygdeblad, der eg hadde arbeidsvekene mine i 8. klasse og der eg arbeidde jamt og trutt fram til eg var ferdig med gymnaset.

Ein vårdag i 1985 kom brevet. Eg tenkte berre at det var eit avslag, men meldinga frå rektor Jon Tvinnereim var derimot denne: 



”Vi melder med dette frå at du er oppteken som student ved det 2-årige studiet i media og journalistikk ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda”

Himmelske namn! Eg var heilt sett ut. ”Du vil ikkje få deg litt meir erfaring først?” sa mamma då eg fortalte kva som sto i brevet. ”Sjølvsagt skal du ta plassen”, var pappa sitt klare og enkle svar.

Eg kan ikkje hugsa kva det var som gjorde journalistyrket så tiltalande. Men kjenner meg heller ikkje igjen i artikkelen som også står i denne vekas Kina-bok, nemleg ein oversikt Fredrik Wandrup hadde i Dagbladet i 2005 om korleis journalisten kjem ut i ulike framstillingar av yrkesgruppa i bøker. ”Journalisten – helt eller jævel” slår han fast i tittelen. Då Frode Grytten skulle gjera research blant kriminalreporterar til boka ”Flytande bjørn”, opplevde han det han fann så rystande at han måtte dempa røynda for at boka skulle bli truverdig. I boka ”Journalistjævler” kunne journalisten Erik Tumyr fortelja at kollegaene gjorde alt frå å måla lengda på penisane sine på toalettet på Tostrupkjellaren til å bryta god presseskikk. 



Avisliv har vore eit ikkje heilt uvanleg tema i norske romanar, skriv Wandrup vidare. Bjørnson og  Ibsen brukte mediemakt som tema. I Sigurd Hoel sin roman ”Sesam Sesam” får heile det norske åndslivet passet påskrive, også pressa. Journalistane til Hoel hadde lært seg skrivekunsten, men dei hadde gløymt tinga dei skulle skriva om og menneska dei skulle skriva for – dei hadde gløymt ærendet sitt undervegs, skriv Hoel. Men Wandrup nemner også døme på journalistar som heltar, til dømes i spenningsromanar. Axel Kielland, sjølv tidlegare stjernejournalist (og barnebarn av Alexander L. Kielland) har ein (kvinneleg) amerikansk reporter som helt i boka  ”Farlige hvetebrødsdager”. Ein journalisthelt finn me også i figuren Bjørn Glenne i boka ”Snuff” av Jan H. Jensen, i følgje Wandrup ei skjult perle i norsk kriminallitteratur.

Mora til forfattaren Ola Bauer, Lill Herlofsen Bauer, var også journalist og formulerer journalistdraumen slik i romanen ”Full fart forover”:

”Journalist. Man tenker på fyrer med oppbrettede skjorteermer og grønn skjerm i panna som røker sigar og bruker kjeft og skriver på maskin mens seks telefoner kimer på en gang… Man tenker på et hektisk liv blant klaprende skrivemaskiner, kimende telefoner og folk som løper ut og inn med sigaretter i munnvikene og blyanter stikkende op av alle lommer. Pressen! Et magisk ord. Journalistikk! En spennende, eventyrlig og hemmelighetsfull beskjeftigelse.”

Denne tiltrekningskrafta til ordet journalistikk kan eg kjenna meg igjen i. Men har aldri kjent meg verken som helt – eller jævel – i journalistverket mitt så langt!

D28/52-54, 160-161


3. juli 2015

Sju grunnar til å lesa romanar



Det er ferietid, gårsdagen kom til oss her i sørvest med ein sitrande varme. Dette ein drøymer om; å sitja på terrassen med ei god bok, eit glas vin og minimalt med klede, sjølv når klokka nærmar seg midnatt – på Tjensvoll – i Stavanger! Mange pakkar ein eller annan koffert i desse dagar, og oppi den ei god bok eller fleire. Den gode boka blir for mange ein salderingspost i dei kvardagane som livet består av. Nå er det mange av oss som finn plass til bøkene elles i livet også, og må ha det, på ein måte. Av og til tenkjer eg at eg kanskje skal bruka tida på noko anna, men det er ei lengt der; til papiret (sjølv om eg også les e-bøker), til setningane, universet eg blir invitert inn i. Derfor var det ein artikkel frå 2004 eg stoppa opp ved då eg skulle skriva vekas bloggpost. Det er forfattaren Jan Kjærstad som deler eit utdrag frå artikkelsamlinga ”Menneskets nett” med lesarane i Aftenposten. Der gir han oss altså sju grunnar til å lesa romanar. Eg skal guida deg gjennom på beste vis: 


Éin – Konfekteska
Den kanskje mest undervurderte grunnen til at me les skjønnlitteratur, meiner Kjærstad, er at det er nyting. Han viser til ”Mysterier” av Knut Hamsun. Eller den franske litteraten Roland Barthes som samanliknar fryden med lesinga med sansen for erotikk. Kjærstad har også ein annan metafor for ei god bok, nemleg konfekteska. Slik ei Kong Haakon-eske tilbyr mange ulike slags nytingar, gjer også ei god bok det. Ikkje minst tilfredsstiller den ulike smakar. Lesing er demokrati og lesing er toleranse. Og slik me har ulike favorittar i konfekteska, meiner Kjærstad at det er ei velsigning for breidda i litteraturen at me som lesarar har ulike preferansar og dermed vel høgst forskjellige bøker til favorittar.

To – Spegelen
Viss me les ein god roman, er sjansen stor for at me etterpå ser verda, verkelegheita, på ein ny måte, seier Kjærstad og trekk også inn det samfunnsmessige aspektet. Ein roman vil ofte etterlikna, spegla, menneske og verda, og på ein måte som skaper glede og erkjenning i lesaren. Me les romanar fordi me der kan få eit anna perspektiv på samfunnet enn det me kan henta i lærebøker og politiske analysar, meiner han, og nemner ”Seierherrene” av Roy Jacobsen som eit godt eksempel. Ei god etterlikning fører gjerne til attkjenning. Og forbløffande og frydefulle attkjenningar blir verande i minnet.

Tre – Navet
Men endå viktigare enn å få tilgang til samfunnskunnskapar vinkla på ein uvanleg måte, konfronterer møtet med ein god roman oss med grunnverdiar, tenkemåtar og livssyn, skriv Kjærstad. Han nemner ”Morgon og kveld” av Jon Fosse, og bøkene til Virginia Woolf og Tarjei Vesaas. Han refererer også til diskusjonen om forfattarane si rolle som intellektuelle i samband med Kosovo-konflikten og NATO-bombinga i 1999. Kjærstad hevda då at forfattaren leverer sitt viktigaste bidrag til forståinga av slike konfliktar i dei fiksjonane ho eller han skriv, og ikkje i pamflettar og avisartiklar. Fordi skjønnlitterære verk kan avsløra korleis me tenkjer, og bøkene då kan utvida våre førestellingar om kva som er menneskeleg muleg. Derfor meiner han at romanar høyrer meir heime på eit førebyggjande enn på eit dagsaktuelle plan. Me treng å tumla med dei heilt grunnleggjande spørsmåla: Kva er eit menneske? Er det grenser for vondskapen vår? skriv Kjærstad og meiner at ingenting seier meir om mennesket som vesen, djupnene og høgdene i oss sjølv, enn romanar som ”Lol Valérie Stein” av Marguerite Duras eller ”Idioten” av Fjodor Dostojevskij. 


Fire – Balsaflåten
Romanar eggar oss til å sjå nye samanhengar. Den fremste verdslitteraturen lar oss sjå uventa samband mellom betar av den menneskelege kunnskap og erfaring, les ”The Gold Bug Variations” av Richard Powers. Eller ”Hotel World” av Ali Smith. I eit samfunn som blir stadig meir innfløkt, og der delsannheiter blir stadig fleire, blir det færre og færre som freistar å setja dei saman, meiner Kjærstad. Her meiner han forfattaren er ein outsider, som gjennom fantasien kan ta seg fridomar og spekulera, og gjennom det kan presentera nye eller alternative samanhengar. Balsaflåten kallar Kjærstad også for Heyerdahl-strategien. Nettopp gjennom å fletta saman kunnskap frå ulike vitskapar, kunne Heyerdahl prøva seg med dristige gjettingar om korleis kulturkontakten tidlegare hadde gått for seg.

Fem  - Skarabeen
Så kjem den mest opplagte grunnen til å lesa meir skjønnlitteratur, nemleg at gode bøker øver opp imaginasjonen, vår eiga kraft til å innbilla oss ting. God skjønnlitteratur er i slekt med magien. Eller meir jordnært: med fantasien. Skarabeen er den billeforma steinen som ein la over hjartet til den døde i det gamle Egypt. Billa var også teiknet for dei tre bokstavane som forma verbet ”å bli”, og dermed trudde ein at den døde med det var sikra eksistens vidare, eit evig liv. Kjærstad meiner at det å halda ei bok i handa er som å halda ein slik skarabé: den får tanken til å fly. Me fantaserer. Her slår han også eit slag for dei rare bøkene, også kalla den smale litteraturen. Me må av og til gje oss utfordringa det er å lesa noko me ikkje kjenner igjen, noko som rommar mulegheita til å utvida oss. Som til dømes Gertrude Stein. Openheit er adelsmerket til den sanne lesaren, meiner Kjærstad. Derfor skal me øva opp nysgjerrigheita, motet. Me har ofte lett for å undervurdera dei beste bøkene som bryt med all vanetenking. Men i dette skeive ligg det ei kolossal kraft. For det fremste kjenneteiknet på ein god idé, sett i ettertid, er at dei fleste ikkje likte den. Bøker som først blei sett på som merkelege og dårlige, endar av og til opp som verdslitteratur. 

Seks – 500-kronerssetelen
Me les romanar fordi det er direkte matnyttig! Ein sjølvsagt, men lite påakta grunn, ifølgje Kjærstad. Når me les, får me eit språk. Vokabularet vårt blir større, og me lærer å uttrykkja oss. Ganske så viktig når me skal kommunisera med andre. Så har du dei som meiner at mennesket som art nådde sin maksimale språklege kompetanse først gjennom oppfinninga av skrive- og lesekunsten. At det var først med kunsten å lesa at den ”potensielle intelligens” til mennesket blei aktivert. Lesinga har på ein måte blitt ein ny menneskeleg sans: lesesansen. Me les altså for å bli kloke, meiner Kjærstad. Dessutan; argumentet som ser ut til å ha fått sin renessanse: Me les for å kunne bli gode forteljarar. Framtidsforskarar, som danske Rolf Jensen, påstår at dei neste tiåra tilhøyrer dei gode historieforteljarane. Det er den økonomiske konsekvensen av lesinga, som har gitt punkt seks tittelen 500-kronerssetelen. Den syner eit bilete av Sigrid Undset. Ho er ikkje den einaste forfattar på dei norske pengesetlane. Kjærstad oppsummerer: Litteratur er kapital!

  
Sju – Det tomme skrinet
Kjærstad sin siste grunn til å lesa romanar er at dei kan skjenka ei djup, intuitiv innsikt. Han meiner det eksisterer eit basalt menneskeleg behov for forteljingar fordi forteljinga er den overlegent beste reiskapen me har til å skapa meining i erfaringane våre. Og her vil Kjærstad slutta sirkelen: Den eigentlege årsaka til at me nyt ei bok, er den innsikta som sakte veks fram i oss undervegs i leseakta. Inga nyting er større enn å få innsikt, meiner han. Styrken til ei forteljing er at den gir lesaren ei erkjenning som lesaren ikkje kan få på nokon annan måte. Og ikkje gjennom noko anna medium. Han viser til ei kva som helst historie av Karen Blixen som eksempel. Kjærstad har sjølv embetseksamen i teologi. Han blei sjokkert då han mot slutten av universitetstida oppdaga at han fekk ei klarare erkjenning om det religiøse ved å lesa ein liten del av Pär Lagerkvists ”Det eviga leendet”, enn av seks år med akademiske studiar til saman. 

  
Endeleg: Skjønnlitteratur kan også få oss til å le av oss sjølv, skriv Kjærstad. Me treng eit frigjerande perspektiv. Ein latter. Som den ein kan få av å lesa ”Tristram Shandy” av Laurence Sterne. Så har dei gode skjønnlitterære bøkene den gåtefulle resten, eit moment som ikkje kan forteljast, slik Joseph Conrad illustrerer i si bok ”Heart of Darkness”. ”The Heart of the Matter” er tittelen på ei bok av Graham Greene. Me les for å få kontakt med dette som ikkje kan seiast. Det uforklarlege. Det irrasjonelle. Mennesket søkjer, me jaktar på ein gral, eit skrin, som alltid vil vera tomt om me finn det. Men me anar innhaldet. Gjennom ord får  me innblikk i noko som ikkje kan uttrykkjast med ord, skriv Kjærstad. Trass i all forskinga; mennesket er fulle av rom som det ikkje går an å koma inn i. Rom som er fylt av noko usynleg, ugripeleg, ugjennomtrengeleg. Gode romanar minner oss om dette.

God sommar i jakta på konfektbetane i det tomme skrinet!

D27/78-79