27. november 2015

Dei usynlege sakene



11. juni er ein dato som er rissa inn i kalenderen som datoen då to viktige likestillingssaker fekk gjennomslag i landet vårt, med 95 års mellomrom. I 2013 feira me hundreårsdagen for det endelege stortingsvedtaket som sikra full røysterett for kvinner. Og i 2008 på denne dagen, 11. juni, vedtok Stortinget ny ekteskapslov. Med det hadde ein lang politisk kamp for homorørsla ført fram til like vilkår for å gifta seg. Dei lokale LLH-laga feira i sine respektive byar og tettstader, og Rogalands Avis og Stavanger Aftenblad fanga opp feiringa i Stavanger, som var lagt til Bøker & Børst. Leiaren i LLH Rogaland, Arve Andersen, spretta sjampanjen, og Rogalands Avis var ikkje snurten i tittelen på det to sider store oppslaget: «Homsesjampis sprutet i byen» - her må eg leggja til eit utropsteikn, altså! Arve Andersen seier til avisa at han sat heime og såg på tv at Stortinget gjorde det historiske vedtaket til full jubel på galleriet i stortingssalen. Andersen fekk klump i halsen og var ikkje sein med å omtala det som ein historisk dag. «Homokamp er nåtidens kvinnekamp for likestilling i Norge. Endelig har vi homofile fått de samme rettighetene som alle andre ser på som en selvfølge», sa Andersen. 

 
 
Heile Kina-boka for denne veka er via mitt engasjement i LLH Rogaland.



For fram mot slike sigrar som blei feira denne dagen på Bøker & Børst 11. juni 2008, ligg det utallege timar i styremøte, i komitear, i informasjonsarbeid på skulane, i korrekturlesing til programmet for Stavanger på skeivå, oppfølging av medlemsskap, innkalling til landsstyremøte, gjennomgang av sakene til neste landsmøte, søknadar om driftsstøtte. Alt dette som i sum sørgjer for at det frivillege livet i Noreg går rundt. Og innimellom desse detaljane som må til for at alt det andre skal gå som smurt; desse usynlege sakene, som eg fann i referatet frå eit møte i arbeidsutvalet i mai 2007. Implisitt ligg det ei katastrofe bak dette prosaiske punktet i sakslista:
«Back-up systemet til kontor PC’en må på plass snarest. Maskinen lager underlige lyder.»


D48/327-328/114


20. november 2015

Den makelege revolusjonen



Radikaliserte ungdomar er blitt eit omgrep etter terrorhandlingane denne hausten. På tv ein dag denne veka såg eg til og med at min heimkommune Tysvær hadde tatt grep og invitert til seminar om korleis ein kan demma opp for denne utviklinga blant ungdomane våre. Utan at det treng å ha ein direkte samanheng, så fell augo mine denne veka på ein kronikk som lektor Harald Liebich skreiv i Stavanger Aftenblad for rundt fem år sidan. Ingressen hans burde likevel vera overførbar: Materiell overflod og teknologi har gjort livet så lett at det blir tungt. Ofte utan mål og meining, skriv han. Tittelen på kronikken er ”Makelighetens revolusjon”, eit omgrep han henta frå Erling Bjøl som nytta dette i verket ”Vår tids kulturhistorie”, utgjeve for 40 år sidan den gongen, altså rundt 1960. Tekniske nyvinningar som vaskemaskin og støvsugar skulle frigjera mennesket frå monotone plikter, fysisk ubehag og strevsame oppgåver. Denne samfunnsutviklinga blei forsterka i åra som kom. Nye tekniske oppfinningar har redusert dei kjedelege oppgåvene endå meir.


Liebich viser til sansane våre, korleis desse er innretta på å suga inn dufter og lydar me omgir oss med i tilværet. Men nase, øyre og augo blir sjeldan utfordra i moderne tid. Me omgir oss med det nøytrale og eit reint og velfrisert tilvære. Han omtalar alle desse kapslane me rører oss i; alt frå leilegheita til treningsstudio til handlesentraa. Kroppen er laga for aktivitet og utfalding, så kva skjer med ein organisme som lever så fysisk beskytta og innanfor så smale felt, spør Harald Liebich. Han meiner det moderne mennesket minner om den omfintlege puddelen som skjelv straks det regnar og bles litt. I vaksen alder har det moderne mennesket oppnådd ein så god økonomisk situasjon at det ikkje er meir materielt å streva etter. Resultatet blir keisemd, som er blitt ein moderne, sjeleleg sjukdom, meiner Liebich. I denne keisemda ligg eit tomrom som ventar på å bli fylt utan å bli det. I denne makelege tidsalderen krev det viljestyrke å lausriva seg frå tv-underhaldninga eller pc-skjermen. Mange et seg inn i tomrommet med dei helseutfordringane det fører til i samfunnet. For mange blir vegen ut å vera opptatt av sosial status, prestisje og sjølvstadfesting, ikkje ulik den strebinga me såg i overklassa i tidlegare tider, skriv Liebich.

Livet er skjørt i den beskytta kapselen, og det teknologiske samfunnet er sårbart. Og interessant nok, tenkjer eg etter hendingane dei siste dagane; medan sjølviepidemien brer om seg som følgje av dei nye sosiale mediene, brukar terrorgruppene dei same mediene til å ta tak i ungdomane som dei vil bruka til å fylla opp det same tomrommet med terror. Kva blir så det neste etter dette?
Liebich får det siste ordet:

”Historien viser at faser som er samfunnsmessige sårbare, har en tendens til å rakne etter en viss tid. Makelighetskulturen som utviklingsstadium er ikke historiens endestasjon.”
Augo mine var lukkelegvis ikkje så makeleg anlagte at eg ikkje fekk med meg
denne regnbogen i veka som gjekk!

D47/15