11. desember 2015

Nobel krim



Me er inne i Nobel-veka. Altså den veka nobelprisane blir delt ut, på dødsdagen til Alfred Nobel, 10. desember. Tunisisk dialog er blitt heidra med fredsprisen i Oslo, og i Sverige er det høg festfaktor når dei andre prisane blir delte ut. Vår eigen fredspris er det jo lukkelegvis gitt for dei fleste av oss å forstå bakgrunnen for, slik også med litteraturprisen. Men fleire av oss slit med å forstå dei gjennombrota som ligg bak utdelingane til dei framståande kvinner og menn som blir tildelt nobelprisane i fysikk, kjemi og fysiologi eller medisin. Og det var nok eit ønske om å forstå nettopp desse sistnemnte prisane, som gjorde at eg klypte ut meldinga av boka Nobelfysik i vardagen. 100 nobelpris förklarade i en mordgåta av Arvid Hove i Dag og Tid. 


Han har utrøytteleg meld bøker om naturvitskap i avisa, og denne med nobel krim tiltalte meg ekstra. Forfattarane bak boka er Patrik Norqvist og Maria Hamrin og den kom ut i 2007. Du kan kjøpa den som e-bok fleire stader på nettet, har eg sjekka i dag.  Arvid Hove har forresten sympati for mitt utgangspunkt i meldinga. Som han seier: «Når nobelprisen i fysikk vert forkynt, kan grunngjevinga for prisen ofte vera vanskeleg å forstå for ein lekmann som til dømes i 1980 då amerikanarane Cronin og Fitch fekk prisen for «oppdaginga av symmetribrot i nedbrytinga av K – mesona». Det er to mord og eit mordforsøk som er utgangspunktet for mordgåta, og politiet får hjelp frå to fysikarar til å oppklåra mordgåtene. Det syner seg at veldig mange av dei oppfinningane ein har kome fram til i fysikk, spelar ei stor rolle i det livet me i dag omgir oss med. I 1909 til dømes var det fysikarane som sto bak utviklinga av trådlaus telegrafi, som fekk prisen, og utan denne ville det ikkje vore muleg å bruka mobiltelefonar. Hove tilrår boka på det varmaste – dette er boka for dei som ønskjer å få presentert god kvardagsfysikk! 

Og så eit slags malapropos til den overdådige nobelfesten i Stockholm – og delvis i Noreg.  Eg unnar alle prisvinnarane all heider dei kan få. Men det kom til meg også i denne vekas Kina-bok, eit sitat frå Sokrates. Ta det med deg inn i dei siste juleførebuingane: 
«Han er nærmest Gud som trenger minst.»


D50/73, 94

4. desember 2015

Gamal mann om den flytande, moderne tida



Knut Olav Åmås – no sjefen i pengebingen Fritt Ord, den gong Aftenposten-journalist – hadde eit intervju med den den gong 86 år gamle samfunnsforskaren Zygmunt Baumann. «Usikkerheit skaper fundamentalisme» var tittelen, og det fanga blikket mitt i denne førjulstida som er alt anna enn fredeleg. Med fare for at eg ikkje hadde fått med meg vesentlege ting om hans plass i verda, måtte eg google Baumann, og joda, mannen er i live han – fylte 90 år den 19. november. Han talar til oss i dette intervjuet som om det skulle ha vore skrive i dag.
Knut Olav Åmås omtalar Baumann som ein av våre fremste diagnosesetjarar, og diagnosen kjem altså alt i ingressen:
«All usikkerhet i dagens samfunn skaper meir fundamentalisme. Slik er fundamentalisme slett ikke et antimoderne fenomen, men et uunngåelig resultat av vår flytende, moderne tid».

Litt lenger ut i intervjuet, som blei gjort i Leeds i England, der han har halde hus i over førti år – han er opprinneleg fødd i det gamle Polen – utdjupar han korfor nettopp identitetsspørsmålet er blitt så besettande i dag, særleg knytta til religion.

«Det kommer av oppløsningen av stabile menneskelige bånd og relasjoner, alt som gjør tilværelsen vår til mer av en flytende modernitet enn før. Vi er i høyeste grad selvstendige, ansvarlige individer i 2011. Hvis vi mislykkes, har vi egentlig ingen andre å skylde på enn oss selv. Men i virkelighetens verden er det mer komplisert. Friheten til å velge går hånd i hånd med mye nervøsitet og usikkerhet: Har vi kunnskapen og evnen til å handle riktig? Alt dette gjør at vi søker trygghet i grupper – og noen søker fundamentalistiske tilknytninger – for å bli fri fra byrden ved det individuelle ansvaret. Det er egentlig er variant av førerprinsippet fra Nazi-Tyskland»,
seier Bauman.

Usikkerheita finn han også i det moderne nettverkssamfunnet, prega av sosiale medium der ein like lett kan connecte som disconnecte, og dette vil også føra til meir fundamentalisme, hektisk søken etter stabile tilknytningar.
Bauman får spørsmål om dei nye folkevandringane. Når dei som skal ta imot immigrantar er fiendslege mot kultur og religion til immigrantane, kan desse oppleva at dei må leva i eksil, og dette vil skapa nye murar rundt kulturar og immigrantmiljøet, meiner Bauman, som kjem med sitt syn på dette:
«Mitt syn er at det eneste man da overhodet kan kreve av innvandrere er såkalla konstitusjonell patriotisme: Lojalitet overfor landets grunnlov og andre lover. Alt annet er en privatsak og personlige valg, ikke noe regjeringer kan kreve. (…) Den konstitusjonelle patriotismen er ikke bare et krav til innvandrerne, men også til regjeringene: Ikke gå for langt i å kreve integrering. Ikke krev at innvandrere blir kulturelt og sosiale «norske». Krev bare én ting: At de er lojale, norske borgere. Dropp innblanding i religiøse forhold, hvorvidt de holder på språket fra sitt opphavsland eller gifter seg på en spesiell måte. Det har ingenting med kriteriet om lojalitet å gjøre.»
Og så:
«Ulikheter er kreativitetens såkorn, homogenitet er oppskriften på stagnasjon»,
seier Zygmunt Baumann.

Så dagens PS, for i dagens Kina-bok er det også eit intervju med forfattaren Gretchen Rubin som ville bli endå lukkelegare! Eit stort prosjekt sette ho i gang, og du skal få med deg dei tre viktigaste tipsa hennar inn i helga:
«Styrk vennskap og sosiale bånd.
Få nok søvn.
Tren jevnlig.»
Og størst av alle desse tre, kan eg tenkja – også med tanke på intervjuet med Bauman: dei sosiale banda, at me høyrer til ein stad. Så lett – og så vanskeleg – kan livet vera!




D49/18-19, 87