10. juni 2016

Du må ingenting!



Det høyrer med når du har vore på eit kurs at dei som har invitert ønskjer ei kursevaluering. Ofte kan det kjennast som ei tvangstrøye, særleg viss utbyttet av kurset var sånn der. Andre gonger kan utbyttet overgå forventningane, og sjølv om du ikkje blir beden om å oppsummera kurset, så renn hjartet ditt over. Det kan vera fordi du møtte deg sjølv på ein stad som kjendest leveleg. At noko var i ferd med å mjukna opp, at nye innsikter om livet seiv inn.
Slik det var for meg då eg endeleg fekk delta på min første kombinerte retreat/skrivekurs i Italia med Kristin Flood og Merle Levin hausten 2010. Kurset blei halde på eit kloster ein times køyretur frå Venezia, og berre måltida som dei italienske nonnene laga til oss av heimedyrka grønsaker, var verdt turen åleine. Det refererer til punkt 9 nedafor!

Så – her er dei 16 punkta av mi evaluering, eller meir: erfaringane eg gjorde meg etter kurset. Håpar du finn noko du kan ta med deg vidare i dag. (Av ein eller annan grunn blei desse skrive på bokmål, så då blir dei det her også). 

  1. Kjønnsløst!
  2. Du ingenting!
  3. Gå i ditt eget tempo!
  4. Søk informasjon, men finn din egen sannhet!
  5. Pust dypt inn!
  6. Lytt, og du sprer kjærlighet
  7. Del, og du mottar kjærlighet
  8. Dine erfaringer er unike – og sanne!
  9. Sanselig nytelse
  10. Værekraft!
  11. Personlig styrke i personlige møter
  12. Faglig integritet
  13. Hjertevarme i organisert orden
  14. Glede
  15. Humor
  16. Takk for at dere lever deres visjoner



D76/29


3. juni 2016

Ivar Aasens metode



Min kjære nynorsk fekk plass i media denne veka etter at studentar på NTNU Gjøvik fekk ei eksamensoppgåve skrive på eit nynorsk som ligg ganske langt frå tilrådd mal, for å seia det mildt. Til og med språkdirektøren trudde det var ein spøk då ho fekk sjå oppgåveteksten. Ikkje rart når ei setning ein møter i teksten er denne: «Verdsetj investeringas lønnsemd ut tå nåverdimetoda….». Til og med ordet «kvisleis» er det funne plass til. Leiinga ved NTNU Gjøvik legg seg sjølvsagt flat. Språkdirektøren grip sjansen og viser til alle dei stadene ein kan få hjelp til å skriva ein betre nynorsk, mens for meg blei dette inngangen til dagens tekst der Ottar Grepstad blir intervjua i Norsk Tidend om ein biografi han har skrive om nynorskens far, Ivar Aasen. 



Historia om Ivar Aasen heiter boka og kom ut i 2013, året då me feira 200-årsdagen til Ivar Aasen. Ottar Grepstad er mellom anna opptatt av å knusa mytar i boka. Som til dømes at Ivar Aasen ikkje laga eit språk, men at han fann eit språk. Også spørsmålet om han var genial eller ei, tar Grepstad tak i. Det ordet finst ikkje i mitt vokabular, seier Grepstad. «Han er nok over snittet lur i hovudet, men i mange ganske ordinær. Han er fyrst og fremst ein systematikar av rang», seier Ottar Grepstad om Ivar Aasen. Og her kjem me altså fram til det eg kallar Ivar Aasens metode i tittelen på dagens tekst. For som journalisten påstår i intervjuet; det må jo ha vore eit slit det arbeidet som opptok Aasen?  Det var der han var lur, ifølgje Grepstad. Aasen visste at det han heldt på med, var kontroversielt, men heldt seg til planen sin og snudde aldri. Han var tolmodig og oppsøkte ikkje konfliktar på eit personleg nivå. Slikt tok nemleg tid og han kalla seg heller ein tilskodar til verda. Dette kan ein kanskje tolka som einsemd, men også eit prov på at han gjekk djupt inn i forskarrolla. Sjølv tok ikkje Aasen nynorsken – eller landsmålet – i bruk før han sjølv kunne meistra det. I dette taktiske valet låg ein tanke om at kvalitet vil sigre.
Ein vakker dag gjer det kanskje også det i eksamensoppgåvene ved NTNU Gjøvik. 



D75/96-99