1. juli 2016

Bølgeskvulp



Lyden av sommar, av fred, kanskje av våre eigne hjarteslag? Det er tida for bølgeskvulp! Sjølv om det bles harde stormar andre stader, for inngangen til dagens tekst er slik: Denne veka kom nyheita om at Stavanger Aftenblad legg ned trykkeriet sitt på Forus. No som dei er i famnen til Schibsted-konsernet har eigarane der funne ut at det for tida blir trykt for få aviser i konsernet til at dei kan forsvara å ha eit eige trykkeri her. Det betyr at me som framleis papirabonnerer Stavanger Aftenblad, no får ei avis med endå tidlegare daudline fordi avisene skal fraktast frå Bergen eller Oslo først. Nokre år kunne me også gleda oss over magasinet Pluss laga av Aftenbladet sine eigne journalistar, med litt fellesbruk av stoff med dei andre avisene. Så forsvann det også, og me fekk A-magasinet i staden. Det me mellom anna gjekk glipp av med Pluss var ei spalte som Åsmund Adnøy skreiv som heiter Tekno&Viten. Her tok han på seg jobben med å gje oss mange gode tips til nettsider som mellom anna kunne hjelpa oss med å rydda opp i den digitale kvardagen. Mellom anna hadde han ein stor kjærleik for hjelpemiddel som kunne sortera ulike lister. Eg anar ein mann som hadde behov for å sortera livet i ein hektisk kvardag. Når du hadde behov for litt fornya energi, hadde han også tipset klart, og det er her bølgeskvulpet kjem inn. Donothingfor2minutes heiter nettsida, som ifølgje Åsmund er fin til rett og slett å reinsa hovudet. Så på denne første dagen i juli, ta ein liten pause du også. 



D79/72


24. juni 2016

Paris-utsikter



Hjarta strøymer over av sterke fotballmoment om dagen. Fotballhistorie blir skriven i meir enn eitt land. Overlukkelege albanarar som sto og hoppa opp og ned i ellevill rus over den første sigeren i eit EM i fotball, etablerte seg på ein frekvens som nådde heilt fram til godstolen min på Tjensvoll i Stavanger. Dramatikken i dei siste EM-kampane i sluttspelet resulterte i at Albania ikkje blei ein god nok trear til å få laget vidare til åttedelsfinale, men augneblinken er det ingen som vil ta frå oss. Det er grøne grasmatter og flotte fotballbilete som når oss frå Frankrike desse dagane, men dette fører meg over til ein liten notis eg tok vare på om fotografen Gail Albert Halaban. Med løyve frå dei som er blitt fotografert, har ho fotografert gjennom vindauga og inn i leilegheitene til folk i Paris. Paris Views heiter boka, men me kan også få eit par smakebetar på nettsida hennar. Det er spennande å gå inn i kunstnarskap på denne måten. Ta deg tid til å sjå dei små videoane ho også har lagt på sida, som fortel meir om korleis ho faktisk gjennomfører prosjekta sine. Ho har nemleg tidlegare fotografert leilegheiter i New York på same måte. Ta deg også tid til å sjå fotoserien This stage of motherhood.
Eit pusterom frå fotball-EM. Fint det.

 
D78/104