8. juli 2016

Etter olja


Du har heilt sikkert fått med deg at det føregår ein slags samtale i det offentlege rom om kva me skal leva av etter olja. Nye innovative idear får ofte denne merkelappen. Me har halde på med dette ei stund, og det førte meg til ei uendeleg lang liste som Thomas Seltzer, han med Trygdekontoret på NRK, framførte i Morgenbladet for nokre år sidan. Han har eit interessant blikk på verda, Seltzer; han er verd å låna øyra til. 


Her er mine ti favorittar frå lista hans:

  • ·         Imamer med «dialog»-kompetanse
  • ·         Photoshopping av fiskerikvotelisenser
  • ·         Generator drevet av dynamodrevet av knatringen fra kommentarfeltenes tastaturer
  • ·         DagligeJava-oppdateringer
  • ·         Petronostalgi (oljemuseum/spa på plattform)
  • ·         Overskuddslageret med powerpoint-presentasjoner om innovasjon til offentlige sektorer over hele verden (evt. ferdig utfylte overhead-ark til den 3. verden)
  • ·         Skhatt (skatt på khat)
  • ·         Knutepunktfestivalstøttesøknads-app-er
  • ·         Fair Trade-negerboller
  • ·         Økoanger


 Og no som sommaren er her og det ikkje er vær til altfor mange syslar i havet, kan jo du og dei du eventuelt har rundt deg koma med nye innspel til lista! Uansett; ha ein deileg sommar.

80





1. juli 2016

Bølgeskvulp



Lyden av sommar, av fred, kanskje av våre eigne hjarteslag? Det er tida for bølgeskvulp! Sjølv om det bles harde stormar andre stader, for inngangen til dagens tekst er slik: Denne veka kom nyheita om at Stavanger Aftenblad legg ned trykkeriet sitt på Forus. No som dei er i famnen til Schibsted-konsernet har eigarane der funne ut at det for tida blir trykt for få aviser i konsernet til at dei kan forsvara å ha eit eige trykkeri her. Det betyr at me som framleis papirabonnerer Stavanger Aftenblad, no får ei avis med endå tidlegare daudline fordi avisene skal fraktast frå Bergen eller Oslo først. Nokre år kunne me også gleda oss over magasinet Pluss laga av Aftenbladet sine eigne journalistar, med litt fellesbruk av stoff med dei andre avisene. Så forsvann det også, og me fekk A-magasinet i staden. Det me mellom anna gjekk glipp av med Pluss var ei spalte som Åsmund Adnøy skreiv som heiter Tekno&Viten. Her tok han på seg jobben med å gje oss mange gode tips til nettsider som mellom anna kunne hjelpa oss med å rydda opp i den digitale kvardagen. Mellom anna hadde han ein stor kjærleik for hjelpemiddel som kunne sortera ulike lister. Eg anar ein mann som hadde behov for å sortera livet i ein hektisk kvardag. Når du hadde behov for litt fornya energi, hadde han også tipset klart, og det er her bølgeskvulpet kjem inn. Donothingfor2minutes heiter nettsida, som ifølgje Åsmund er fin til rett og slett å reinsa hovudet. Så på denne første dagen i juli, ta ein liten pause du også. 



D79/72