14. oktober 2016

Den kreative muskelen



Erik Lerdahl heiter ein spanande kar. Han er professor i kreativitet og eg har klyppa ut nokon av kronikkane hans. Han er mellom anna på banen når vyane er å overføra kompetanse frå oljebransjen til nye næringar. Det er vel og bra, seier han, men poenget er å kopla kompetansen kreativt saman på nye måtar og dermed gje det reell meirverdi. Det som er utfordrande med denne måten å gjera det på, er at det inneber ein grunnleggjande annan måte å tenkja på, enn berre den fordjupinga mange har innan eitt fagfelt. Lerdahl viser til kreativitetseksperten Edvard de Bono som har kalla desse to tenkjemåtane for vertikal og lateral tenking.
Med lateral tenking grev du eit bestemt hol djupare, medan du grev eit nytt hol ein annan stad med lateral tenking. Til denne siste tenkjemåten er det behov for at du jamt og trutt praktiserer kreativ tenking ved å bruka kreative metodar som får deg til å tenkja utanfor boksen og snu rundt på problemstillingar. 


Lerdahl sitt poeng er at denne kreative tankegangen må vera med i alle ledd i skapinga av eit nytt produkt,  ikkje berre når konseptet er ferdigutvikla og tida er inne for å laga ein forretningsplan.
Lerdahl meiner å sjå låg kompetanse på bruk av kreative metodar i norsk næringsliv. Ofte avgrensar det seg til tilfeldig ad hoc-arbeid eller kortsiktige skippertak som workshops. For dei som kjenner seg igjen her, er Lerdahl sin medisin enkel og god: kreativitet er ein muskel – som kan trenast opp! Meir trening = meir kreativitet! Og med kreativ kompetanse aukar sjansane for å utvikla gode idear.
Men så er det jo ikkje alltid lett å få til dette i ein møtekultur som dei fleste slit seg gjennom på dei ulike arbeidsplassane. Kreativitet må vera ein kompetanse som ein ser i den daglege samhandlinga mellom aktørane i ein organisasjon. Som Lerdahl skriv: «Hvis det er en kultur med uproduktive og lite dynamiske møter, er det rimelig sikkert at det også er en kultur der innovasjon har dårlige kår.» 

 
Til sjuande og sist handlar det om at kreativitet blir ein del av den organisatoriske praksisen, meiner Lerdahl. Det må vera lov å tenkja annleis og gjera feil når ein arbeider med å utforska nye rom for moglegheiter. 

Tør du ta ein annan sti enn den ferdig opptrakka i helga?

D94/68-69





7. oktober 2016

Flaggermus



Haustferie på Austlandet denne veka; eg var over og henta tantebarnet André på snart åtte til Stavanger. Det har mellom anna ført til eit møte med Øysteins blyant, som gjennom enkle teknikkar gir vaksne som meg ei ny glede av å teikna. Utstyrt med video og steg-for-steg-teikningar har André og eg teikna og fargelagt mange dyr, mellom anna flaggermus! Det må vera den første flaggermusa eg har teikna, og derfor heilt på sin plass at det som dukkar opp på første side i dagens bok er ei forklaring på korleis nettopp flaggermusa brukar ekkolokalisering for å finna byttet sitt i mørket. Og det skal eg forklara vidare til deg akkurat no. Ekkolokalisering betyr at ein biosonar sender ut ein høgfrekvent lyd. Lyden blir reflektert når den treff noko, til dømes ei bie eller eit anna byttedyr. Dei reflekterte lydbølgjene blir omdanna til eit bilete i hjernen til flaggermusa, eit bilete som gir kunnskap om både avstand, storleik og eventuell rørsle. 

 
            Utfordringa til flaggermusa er at det kan vera opptil éin million andre flaggermuser som brukar same strategien. Då har forskarar funne ut at nokon artar kan sabotera for rivalen. Dette gjer dei til dømes ved at dei sender ut ein lyd som effektivt blokkerer sonaren til konkurrenten, slik at denne ikkje finn fram til byttet sitt. Dette aukar talet på kjende funksjonar som flaggermus-lydar har, til tre: ekkolokalisering, kommunikasjon og akustisk forstyrring.
            Og då høyrer det vel heime å offentleggjera flaggermusa til André og tante:


D93/1