8. desember 2017

Litteraturperle



For eit par år sidan tikka det inn på sms ei rekke med namn eg blei spurt om eg villa intervjua på litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Dei fleste visste eg om, men så sto namnet Britt Karin Larsen der, og eg blei svar skuldig. Kven i all verda er det? Men eg lar ikkje slike spørsmål stoppa meg, og seier ja til intervjuoppdraget, før eg går journalistisk til verks. Normalt er det berre éi bok som skal bokbadast, men her forstod eg tidleg at eg måtte gå drastisk til verks. Larsen var nemleg ute med bok nummer sju i sin serie om skogfinnane, og då var det berre å setja seg ned. For eit fantastisk univers som opna seg der! Britt Karin Larsen stammar sjølv frå skogfinnane, og det er dette folket ho skriv innlevande om i serien. Skogfinnane var etterkomarar etter finske emigrantar som slo seg ned i granskogen, og gjorde finnskogkulturen til noko heilt særeige. Stikkord: røykstover, badstover, finnespråk og ei overtru som lenge sat i.

            Då femte bok i serien var ute i 2013 (serien starta i 2009), meinte meldar Cathrine Krøger i Dagbladet at Finnskog-serien er ei gåve til samtidslitteraturen, ikkje mindre enn det. Ho skriv mellom anna om språket til Britt Karin Larsen: «Hele landskapet er liksom besjelet av hennes vakre skildringer av naturen, av menneskets indre  - av livet selv.» Krøger  oppsummerer: «Vi har svært mye god litteratur i Norge, men serier som denne er en sjeldenhet.»

            Onsdag 6. desember feira Finland hundreårsdagen sin som sjølvstendig nasjon, og då eg fanga opp ei melding om Britt Karin Larsen og skogfinnane i dagens Kina-bok, så blei det den eg måtte skriva om. For gledeleg nok: no er Britt Karin Larsen også ute med bøkene sine i Danmark, til stor glede for litteraturmeldarar der. Det var den første boka i serien, Det vokser et tre i Mostamägg, som låg under lupa, og Politiken skreiv mellom anna: «Det slitsame liv blant småkårsfolk skildres med djærv følsomhed». Og Weekendavisen meiner Britt Karin Larsen er «nænsom og drabelig, pirrende og poetisk». 

  
            Har du enno ikkje lese denne flotte romanserien, så set i gang; den er ei sjeldan litteraturperle som du skal unna deg.
                       
D154/73


1. desember 2017

Kvar med sitt



Me prøver å halda oss orienterte om det som skjer der ute i verda; prøver å forstå kva som eigentleg skjer i Midt-Austen, kven som krigar med kven, kva Impuls-Trump har reagert på sidan siste tweet, kjem Hagen inn i Nobelkomiteen?, kva skjedde eigentleg på bakrommet i striden om Statistisk Sentralbyrå?

            Og så lever dei fleste av oss kvardagen her: i kvardagen, der ein står opp og prøver så godt ein kan å finna meining i dei aktivitetane som ligg føre ein. Der ein må ta omsyn til dei korta som er delt ut, eller dei erfaringane ein har gjort seg. Det gjeld både menneske og dyr.

            Som til dømes skjelpadda Bert, som har fått leddbetennelse fordi den har hatt for mykje sex. Bert held til i ein dyrehage i Norfolk, les me i den vesle spalta på baksida av Klassekampen som leitar fram slike «kvar med sitt»-historier. Det er dyrepassaren Martin som fortel at Bert aldri blei den same igjen etter å ha tatt del i eit paringsprogram i 2011. Skjelpadda Bert må ha hjelp av fastmonterte hjul for å koma seg rundt på grunn av leddbetennelsane. 


            Kvar med sitt.

D153/71