12. februar 2016

Var Hulda og Sigrid lukkelege?



Eg er så glad i papiraviser, og så glad for at eg har tatt vare på mange artiklar som framleis kan gje gneist og vegleiing i kvardagen. Og det er altså litt av dette eg prøver å formidla i denne bloggen. I mange år har Dag og Tid hatt ein serie der dei har tatt for seg mange personar som har gått ut av tida, og spurt folk som kjende livsverka deira om kva dei ville med livet. Dei stiller store spørsmål og dei største, som dei seier. Og denne veka fell blikka mine på Hulda Garborg og Sigrid Undset. Eg konsentrerer meg om to av spørsmåla – Var ho lukkeleg? og Kva ville ho med livet?

Det er biograf Arnhild Skre, som fekk mange godord om boka si om Hulda Garborg, som svarar for Hulda. Så kva meiner Arnhild om Hulda, var ho lukkeleg?
«Ofte var ho livsglad, og ofte tok tungsinnet henne. Ho hadde evne til å bli begeistra og til å begeistra andre. Som mor var ho lukkeleg, og rett som det var som ektefelle også. Ho likte selskap og mest laussleppt glad ser ho ut til å ha vore når ho dansa. Det gjorde ho ofte.»
Kva ville ho så med livet?
«Hulda Garborg ser ut til å ta hatt tre livsmål: Ho ville byggja og driva ein god heim og eit godt liv for seg og sine. Ho ville utfalda evnene sine som forfattar og dramatikar. Det dristigaste er at ho saman med andre ville realisera ein vill utopi: å henta og arbeida fram ein særnorsk høgkultur som kunne måla seg med den finaste dansk-norske, ja til og med det fornemste franske.»


Kva med Sigrid Undset, som i mellomkrigstida blei ei litterær stormakt, nasjonalt og internasjonalt med si historiske dikting. Eit verke som toppa seg med Nobelprisen i litteratur, som ho blei tildelt i 1928. Kva meiner Liv Bliksrud, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, om Sigrid var lukkeleg?
«Privatlivet hennar var ikkje det lettaste, men ho fryda seg over barna sine medan dei var små. Diktargjerninga si kallar ho ein uomgjengeleg lagnad, ho berre måtte arbeide. Ho lika seg godt i forfattarforeininga og var uthaldande på festane deira. Ho var ein utprega sensualist og gledde seg over sanselege nytingar,  ikkje minst av naturinntrykk.»
Kva ville ho så med livet, ho Sigrid?
«Skape godt kunst og vere ein god kristen.»

Mykje godt gudegneisten-materiale i desse kvinnene, altså! Finn evnene dine, utfald dei og skap!

D59/2 + 73

5. februar 2016

Oransje er fargen!



Ein av dei første dagane i det nye året vandra eg ned til Jysk i Hillevåg. Eg hadde fått for meg at eg trong noko symbolsk som kunne gje energi til den nye prosessen eg skulle inn i. Ideen var å kjøpa dukar i ulike fargar; dukar som eg har tenkt å kle skrivebordet mitt med alt etter som eg går inn i ulike fasar av skriveprosjektet mitt, Jakta på Gudegneisten. Eg hadde klart for meg kva type duk det var snakk om, og stakk innom ulike butikkar i sentrum for å sjå utvalet, men der var den ikkje. Så hadde leike- og morobutikken Birkemo i Asylgata nettopp denne typen duk eg var på jakt etter. Der hadde dei brukt den raude varianten som utgangspunkt for vindaugedekorasjonen. Dei hadde den ikkje til sals sjølv, men tipset kom altså om Jysk, og då var ikkje vegen lang dertil! Velur – eller rettare velour – heiter stoffet, og dei hadde mengder av den, i alle slags fargar, og lukka var stor, både over utvalet, og over at det ikkje var så altfor dyrt, i denne vestlandsbyen som opplever krise, og eg delvis er råka av den. Men det som var litt morosamt, er at den også har eit anna namn; nemleg NERVØS FLØYEL! Som skapt for eit skriveprosjekt der det nervøse ikkje skal vera framand!

Seks dukar raska eg med meg frå Jysk den dagen. På vegen heim stakk eg innom kafeen på sjukehuset, og i eit spontant innfall – som er mottoet for mitt sosiale liv for tida – gjekk eg ut i resepsjonen til  sjukehushotellet for å sjå om kanskje Morten var på jobb. Morten har vore produsent for mange prosjekt eg har hatt i Stavanger på skeivå – han er ein fin mann. Joda, der sto han, og tid til kaffi hadde han. Og då han såg posen med alle dukane mine, så trudde eg at eg skulle fortelja han noko nytt. Veit du kva dette heiter, spurte eg? Nervøs fløyel, seier han kontant. Eg har sydd saman metervis av dei til mange sceneteppe, fortel han vidare.

Og no skal altså denne nervøse fløyelen få eit liv heime hjå meg. Eg vurderte kva farge som skulle få æra av å innvia skrivebordet. Og det er her eg kjem inn på artikkelen eg fann i denne vekas bok, nemleg basert på boka «Fargene Forteller» av Tove Steinbo. 


Ho er intervjua før hausten og oppmodinga er å møta hausten med fargar. Men fargane er jo med oss heile tida, og altså også meg denne januardagen. Fargar har ein større effekt på oss enn me normalt tenkjer på, seier Steinbo; dei kan påverka både puls, blodtrykk og pusterytme. Og kanskje viktigast: fargane påverkar oss på eit djupt undermedvite nivå, seier ho. 


Artikkelen er fylt med sju boksar som fortel oss meir kva sju ulike fargar betyr, nemleg fargane raud, blå, grøn, gul, kvit, svart og oransje.
Hjå meg var det oransje som vann då det nye året skulle innviast. Og boksen som fortel om ORANSJE, tyder på at valet var rett for meg der og då (og den ligg framleis på bordet):
Kraft, healing, entusiasme, kreativitet, vitalitet, tankefullhet oppriktighet, forandring, solvarme og nysgjerrighet.
Bruk den til å
  • Få fart på energien din
  • Skape meir engasjement og kreativitet
  • Unngå å ta livet for alvorlig

Kanskje tida er inne for å vurdera oransje for deg også?

D58/160-161