6. mai 2016

Når eg får tid



Det slår meg at ein del av artiklane eg har tatt vare på, er av typen: Dette må eg klyppa ut og så, når eg ein gong får tid, skal eg lesa boka, sjå filmen, eller for den saks skuld, lesa heile artikkelen. Men ingenting har fått plass i bøkene utan at det finst ein kime av interesse i meg ein stad. Og i dag kom eg over tre små artiklar med tilvising til nettstader. Desse har eg aldri vore innom, og eg tenkte – i dag er dagen!  Artiklane og tipsa er samla i boka der eg samla litt materiale frå Demokratijubilea; Stemmerettsjubileet i 2013 og Grunnlovsjubileet i 2014. 


Kjensgjerninga som slo inn hjå dei fem-seks jentene som gjekk saman for å etablera nettstaden Under Arbeid, var nettopp det, at hundre år etter at alle fekk stemmerett i Noreg, så er arbeidet for likestillinga framleis Under Arbeid. Madeleine Schultz var gründer for nettstaden som har målgruppe jenter mellom 13 og 20 år. Etter sjølv å ha arbeidd med mote og skjønnheitsideal i ulike blad, bestemte ho seg for å etablera ein nettportal for unge jenter som søkjer rollemodellar eller nyheiter ved sida av kropp og utsjånad. Media har eit stort ansvar for seksualiseringa av unge jenter, meiner Schulz. I vel eitt år var ho redaktør for nettstaden, men nettstaden lever vidare, og ho er framleis skribent der.  Send adressa rundt til kvinner og menn som kan ha interesse av den: www.underarbeid.com.

Eg var i konfirmasjon i helga, og det var ikkje måte på korleis det blei snakka i kyrkja om den lange rekkja av tilfeldige møte mellom personar lekk etter lekk tilbake i tid, som gjorde at eg no var meg! Og skal ein ta dette heilt ut ein gong, og verkeleg gå inn i korleis det var å leva sånn omtrent på tipp-tipp-oldefar si tid, så kan ein låna tid til den historiske matklubben på Riksarkivet. Med utgangspunkt i ei slektsbok som blei skriven rundt 1814, har matklubben tatt tak i desse oppskriftene og prøvd ut det eine eksotiske etter det andre. Dei originale oppskriftene er tatt med, og så den nye varianten. Kjekk nettstad; eg skal innom for å finna noko kjekt til neste gong eg skal ha folk i huset, og det må du også gjerne gjera: http://kokekunst.tumblr.com/


Me avsluttar med ein kunstblogg, eg fekk tilgang til den gjennom spalta i Klassekampen der ulike skribentar frå Norden skriv om aktuelle emne innanfor litteratur og kunst. Fotokunstnaren Iiu Susiraja er mellom anna blitt omtalt som henne som tar «ærlege selfies» eit steg vidare. Dei første bileta ho tok med sitt første digitalkamera var sjølvportrett. Ho var redd for å bli fotografert og gjennom dei mildt sagt særeigne portretta ville ho overvinna frykta for å bli fotografert. Den finske kunstnaren seier også noko fint om å ha draumar. Først drøymde ho om å overleva ein vanskeleg periode, å bli ein vinnar i sitt eige liv. Så drøymde ho om å bli ein kjent kunstnar. Ho seier at det å oppfylla ein draum gir ei eiga ro.
Sjølvportretta hennar blir også ein interessant kommentar til jentene i nettstaden Under Arbeid. Sjå sjølvportretta til Iiu Susiraja på nettstaden hennar her: http://www.iiususiraja.com/



Nyt våren!

D71/18-19, 36, 81


29. april 2016

Den personlege innsatsen



Det må ha vore eit tidspunkt der eg tenkte at fysikk får vera fysikk, og så hoppa eg liksom av. Slik at då eg dei siste dagane har lese meg opp på emnet for å skriva nokre saker om det, så var det å bli møtt med ei stor openberring; her var det mat for hjernen og mi aldri kvilande lengt etter å forstå. For her finst dei jo i hopetal; fysikarane som vil forstå, til dømes korfor det finst så mykje mørk energi i universet. Og kva jakta på gravitasjonsbølgene kan fortelja oss om dei aller første sekunda av då universet vart fødd. Eg fekk også tatt inn over meg at det finst fire fundamentale – eller er det kanskje fem – krefter som rører seg i naturen. Det får meg over til den krafta som eg trur er den som styrer vala me menneske rettar oss mot, og eg blei minna om dette endå ein gong i sitatet frå Kaj Skagen, som mellom anna skriv for Dag og Tid. Den blir også ein kommentar til folkeavrøystingane me har i Noreg om dagen om kommunane skal slå seg saman. No veit me at det blei ja i dei to trøndelagsfylka, slik at dei no blir eitt. Men mange av kommunane seier nei. Når ein lev i eit demokrati, blir røysteretten noko sjølvsagt, men den peikar likevel mot noko større enn seg sjølv, slik Skagen poengterer når han skriv om kva den somaliske forfattaren Amel Aden, som no har budd i Noreg i fleire år, seier om å bruka røysteretten.  For å vera ein del av demokratiet og fordi det finst land utan valfridom, seier ho. Som forfattar og forkjempar for minoritetar, skriv Skagen, veit Amal Aden at demokratiet i seg sjølv ikkje endrar noko, men berre opnar for den personlege innsatsen som skaper noko nytt. 


Og i dette personlege motet til å skapa ligg kreftene våre, naturkreftene våre. Litt lenger ut i dagens bok seier skodespelaren Ashton Kutcher: «Men man må ha mot til å feile. Det er det jeg lever etter, og med en gang man skaper sin egen verden må man også ta mer ansvar.»


Det kan vera fristande å gå med straumen, men det blir litt naturstridig. Start i dag; kjenn etter – kva er din veg?

D70/11+22