5. august 2016

Gje vidare det skapte



I dag finn eg styrke i eit sitat frå artisten Anne Grete Preus. Ho har formidla sin unike musikalitet til oss i fleire tiår, og det er alltid høgtidsstemning når ho er ute med nytt stoff. Alle som har kontakt med skaparkrafta si, tenkjer vel innimellom på verdien av å gje det vidare, eller om det skal haldast innanfor husets fire vegger. Det er altså her Preus-sitatet slår inn til oss:

Å skape uten å gi det videre er like meningsløst som å tale uten at noen hører på.


Som sagt, inspirert av dette, skal eg formidla vidare tre artiklar eg har skrive, og som no alle ligg ute på nettstaden til Universitetet i Stavanger. Éin av desse er også publisert på forskning.no. Det var nemleg slik at eg fekk eit oppdrag om å skriva litt om kva det flotte miljøet innanfor teoretisk fysikk og kosmologi ved Universitetet i Stavanger held på med. Det blei eit intenst djupdykk i ein materie som eg sjeldan er borti i mitt journalistiske verke, men som opna augo mine for ein gjeng forskarar som ivrar for å finna nye svar på nokon av gåtene som framleis omgir oss. I eit offentleg ordskifte der veldig mange svar er fastspikra, opnar møtet med forskarar som dette for at det framleis er spørsmåla som er viktige å stilla. Den dagen me berre har svar og ingen nye spørsmål, stagnerer på ein måte livet, og dermed tullar me til sjølve livets formål, tenkjer eg.

Det er heavy stoff mykje av dette, men sjå om ikkje møtet med dette stoffet kan opna nye rom for deg også. 

Her er artiklane, på uis.no:




Denne er publisert på forskning.no:


D84/35



29. juli 2016

Slåttonn



Desse somrane med alle sine lukter. Det er ikkje utan grunn at mange sjuke- og aldersheimar lagar til sansehagar for dei eldre. Ingenting kan som lukt henta fram minne om det som var, på ein måte som viskar bort alle dei åra mellom. Eg har vore sommarvikar og stelt ein parsell i Våland kolonihage eit par veker. Her står luktene og minna i kø. Stikkelsbær og solbær, rips og bringebær. Eg er tilbake i hagen til Ingrid Kvithaug som me sa, men etternamnet var Grinde. Dei budde på Kvithaug, eit par kilometer langs ein aude veg frå barndomsheimen min. Her sørga mannen Olav for at alle buskar blei gjødsla etter alle kunstreglar og ingen bær var så store og gode som her. Her fekk eg ei livslangt forhold til rips. Ingrid og eg reiste til Torget i Haugesund og selte rips. Eg plukka to korger til henne, og så var den tredje korga mi og den kunne eg sjølv få selje. Eg kunne ikkje koma meg fort nok heim frå skulen for å slenga frå meg ranselen og storma vidare til Kvithaug. Ingrid likte å konkurrera, og ho var med i fleire konkurransar der ho svinga ljåen. Ho tok som oftast heim premien.
Dette fører meg over til eit dikt frå diktsyklusen Haugtussa, som Arne Garborg skreiv. Det var Lars Roar Langslet som henta fram eit av dei meir ukjende dikta frå verket, i serien Diktet som ruslar og går i Dag og Tid. 



Men før eg bringer vidare diktet, så må eg tipsa om ein tv-serie som blir vist på NRK1 i desse dagar. Kokken Raymond Blanc og journalisten Kate Humble har bak seg eitt år i den botaniske hagen Kew Gardens i London. Herfrå har dei laga fire program som tar for seg kvar sesong, og han der kokken lagar velsmakande og flotte rettar frå sesonggrønsakene. To episodar er blitt sendt så langt, nummer to er framleis tilgjengeleg og så må du få med deg dei to siste som går den 2. og 9. august. Dette er til å få inspirasjon av! For oss som så vidt har starta å juksa med å dyrka litt mat på balkongen, og som likar å laga mat frå botnen av.
Fra jord til bord heiter serien.

Så til diktet av Arne Garborg. Som Lars Roar Langslet skriv: «Det er heimsttaddikting, med same versemål som Nordlands trompet av Petter Dass. Og det andar av sol og luktar av friskt nyslege gras, så livfullt at det også vekkjer gode barndomsminne hjå alle som har opplevd slåttonn – før slåmaskinane tok over.»
Diktet treng ingen kommentar, seier Langslet. 


I slåtten
No ljåen han syng på den saftige voll,
og alle småblomane slær han i koll,
og graset av roti han sopar.
Det gjeng seg så lett i den doggmjuke eng;
i skårane svingar seg dreng etter dreng
og slær så or vegen! det ropar.

Ja, svinga du slåttar, og vollane snøy!
Det angar så godt av det nyslegne høy,
som verdi var full utav blomar
Det legg seg ein god-dåm om bakke og bygd;
det er som ei ørske av nøgd og av trygd;
det angar så hjarteleg sumar.

Og gjev det vil skifte med sol og med vind,
så all den Guds gåva dei godt kan få inn!
Det vil eg så inderleg beda.
Ja gjev oss ein terre så god og så traust!
Då tarv me kje reddast den folnande haust;
og jol skal me halde med gleda.

Arne Garborg

D83/160