9. september 2016

Tillit til prosessen



I neste veke er det tid for Kapittel igjen! Litteraturfestivalen som i år har Vandring som tema, inspirert av 150-årsjubileet for fødeåret til Sigbjørn Obstfelder. I fjor gjennomførte eg mitt Nobel-prosjekt, der eg starta lesinga av forfattarar som har fått Nobelprisen i litteratur frå 1965 og framover. Det er stas at éin av desse kjem til årets Kapittel! Nemleg Wole Soynika frå Nigeria; han var faktisk den første afrikanaren som fekk Nobelprisen i litteratur, tilbake i 1986.

Sjølv les eg meg opp på forfattarane eg sjølv skal intervjua, der Liv Køltzow er første kvinne ut fredag kveld. Det er med ei ærekjensle ein førebur seg, men erfaringa har lært meg å ha tillit til prosessen. At romanen lever i deg, og at du i førearbeidet til romanen blir sett i kontakt med dei kjeldene som kan gi forfattaren den største respekt når møtet først finn stad, og ikkje minst at publikum opplever møtet som verdfullt. 


Nettopp dette med tillit til prosessen er også noko forfattarar brukar, les eg i eit intervju eg klypte ut med Hanne Ørstavik i Klassekampen. Ho blei intervjua av Kaja Schjerven Mollerin og intervjuet skjedde i ein periode då Ørstavik arbeidde med den tredje boka i ein tenkt serie på tre; etter «Det finnes en stor open plass i Bordeaux» og «På terrassen i mørket». Ørstavik får spørsmålet om korleis ei bok får form, og ho fortel at ho er i ein samlefase.

-        Jeg venter dem fram. Jeg leser, samler, tanker, lytter. Ofte dukker bare ting opp. Og da har jeg stor tillit til at det kan brukes. Jeg er nysgjerrig på det intuitive.
-        Hva betyr det?
-        Det betyr … at jeg ikke presser en bok fram med viljen, men følger fornemmelser, eller noe sånt, og det tror jeg gir tekstene mine en bestemt kvalitet. Hvis man ikke er åpen for den måten å erfare på, vil ikke bøkene mine virke på samme måte. Jeg tror de snakker sterkest til dem som er åpne for tilsvarende prosesser, og som bruker dem til å lytte innover med.
 

Så no skal eg ha tillit til prosessen i møtet med desse forfattarane som eg skal intervjua på årets Kapittel:






D89/44-47



2. september 2016

Oljedikt



Eg er nærmaste nabo til ONS – Offshore Northern Seas – populært kalla oljemessa. I år har eg vore bortreist medan dresskledde menn og kvinner farta gjennom dei store hallnaboane mine på Tjensvoll, og dermed fekk eg ikkje med meg hendingane i år. Men eg fann eit apropos til olja i dagens bok. Det har seg slik at eg denne hausten for 32 år sidan tok det første steget ut av heimbygda Grindes klamme famn og reiste til Hylkje utanfor Bergen for å gå eit år på Åsane folkehøgskule. Det året gav så mykje meirsmak at eg bestemte meg der og då for at eg hadde lyst å koma tilbake til skuleslaget, men denne gongen som lærar. Høvet bydde seg ti år seinare, då Jæren folkehøgskule hadde behov for ein medielærar i halv stilling. To år var eg der, og det eine året hadde me eit seminar om olja – som seg hør og bør i denne regionen. Elevane fekk utfordringa om å skriva oljedikt, som eg har tatt vare på. Dei er skrive for over 20 år sidan, men dei går rett inn i dagens debatt om kor mykje olje Noreg skal utvinna, når me samtidig var med og underteikna Paris-avtalen om å redusera CO2-utsleppa.
Ver så god; norsk ungdom anno sånn midten på 90-talet:
 
Vi bor på en jord
der oljen brenner,
vi vinner den ut,
fra undervanns lender.
Er det ikke en grunn
til at den er hvor den er,
må den fjernes
med masse besvær.

De kaller alt dette
det sorte gull.
Men tilslutt er det igjen
bare sorte hull.
Vi tar det vi trenger
vi mener vi kan.
Vi tror vi er
av en høyere stand.
Marit

Hva er et samfunn uten olje
En naturperle
Et hav fullt av kolje
Atle

Bonusspor 1:
Éin av utruleg mange fordelar med å treffa nye menneske, er at du får tilgang til nye kulturar, til dømes familiekulturar. Så då me heime i Grinde heldt oss til «Å, du som metter liten fugl», var det eit nytt bekjentskap som formidla følgjande bordvers:
«I Jesu namn går bordet til værs, og vi spiser i vilden sky! Amen.»


 
Bonusspor 2:
LATTER er menneskets mest åndelige aktivitet.



D88/43;74-75