4. november 2016

Den frigjerande fridomen



I ei tid der Universitetet i Tromsø føreslår å kutta mange av faga sine innanfor humaniora, skal me låna øyre til ein sosiolog ved universitetet der i dag, nemleg Gunnar C. Aakvaag. I spalta Forskningsfronten i Morgenbladet har han løfta fram Christian Welzel, forfattar av boka Freedom Rising. Det er endeleg snakk om at samfunnsvitarar utfordrar det 2500 år lange hegemoniet som filosofar har hatt på å diskutera den frie viljen til mennesket, og plassen til fridomen i gode og rettferdige samfunn. Ved hjelp av data frå 95 land oppsummerer Welzel funna sine. 


Utgangspunktet hans er dette: at skjebnen til menneska stort sett alltid har vore ufridom, og denne vonde sirkelen av ufridom består av vanlege folk som har lite ressursar, noko som gjer at dei ikkje set pris på fridomen, og at dei dermed heller ikkje slåst den for den. Når fleire samfunn dei siste par hundre åra har kome seg ut av denne vonde sirkelen, så peikar Welzel på tre faktorar, fortel Aakvaag.
«Økonomisk bidrar teknologisk utvikling til at store lag av befolkningen får nok ressurser til at de med ett har bruk for mer frihet. Kulturelt gjør dette at frihet verdsettes høyere; frihetsverdier vokser frem. Og rettslig-politisk fører frihetsverdier til fremveksten av sosiale bevegelser, som arbeider-, kvinne- og homobevegelsen, som kjemper frem institusjonelle frihetsgarantier i form av sivile og politiske rettigheter.»

Kva er så vegen fram til det frie samfunnet? Jo, det er teknologisk-økonomisk utvikling, «basis» hjå Karl Marx. Dette set i neste omgang frigjeringsprosessen i gang, og av dette følgjer kulturelle verdiar og institusjonelle garantiar («overbygnad»). I det Aakvaag karakteriserer som den mest kontroversielle delen av boka, så føreslår Welzel at det er enkel, stabil tilgang til reint vatn som er den tingen som set i gang utviklinga ovanfor.
Men kva med dei som meiner at prisen å betala for individfridomen er samfunnsoppløysing? Det stemmer ikkje, seier Welzel, som har funne at jo meir fridom og fridomsverdiar er utbreidde i eit samfunn, jo meir empatiske, altruistiske (uselvisk og offervilleg), samarbeidsvillege, tillitsfulle og nøgde med livet er samfunnsmedlemane, og jo lettare mobiliserer dei kollektivt for felles mål. 


 Welzel syner at fridomen til å kontrollera sitt eige liv har gått frå å vera eit eliteprivilegium til å bli eit massefenomen, og dette har ei rekkje positive konsekvensar for individ og samfunn.
Gunnar C. Aakvaag kjende seg – som fridomselskar – oppstemd av å lesa boka, og eg – som fridomselskar – blir oppstemd av å formidla dette vidare. 

D97/150-151



28. oktober 2016

Ferrante og ekte litteratur



Den såkalla Napoli-kvartetten, eller Ferrante-kvartetten er ute med si fjerde bok i norsk omsetjing. I ei tid der mange har forkynt romanens død, er heile dette diktverket eit eineståande eksempel på at romanen lev i beste velgåande. 


Elena Ferrante er undervegs i lanseringa av dei fire bøkene blitt intervjua, og seier dette i eit intervju med Stavanger Aftenblad om det berre er romanen som gjeld for henne:

«Eg les mange sjølvbiografiske tekstar, private tekstar, dagbøker og forteljiingar. Den italienske tradisjonen er full av slike. Det som interesserer meg mest, er tekstar som ikkje imiterer kultiverte uttrykksmåtar; eller endå meir, dei tekstane der skrivaren er i affekt, slik at dei forseggjorde formuleringane forsvinn. I slike tekstar leitar eg etter ei uutforska ektheit som er verd å studere, verd å lære av. Eg må tilstå at romanens død ikkje interesserer meg. Eg er meir opptatt av litteratur som blir opplevd som ekte. Slik skriving er krevjande, og stadig sjeldnare, men samtidig det einaste som kan bevise, slik at meiner Knausgård gjer, at romanen ikkje er død.»


Og i debatten om røyndomslitteraturen, der særleg Vigdis Hjorth si siste utgjeving Arv og miljø er blitt diskutert denne hausten, er det nettopp dette argumentet som står tilbake: Kvart einaste ord i denne boka kjennest som det er ekte. Du får ikkje meir levande litteratur enn dette, og derfor må me takka for at me som les har fått tilgang til den! 

D96/4-6