9. juni 2017

Sommardraumen



Ein har fri, og så har ein ferie. Når ein har fri, er det litt for å kvila ut og strekka seg etter at hovud og kropp har fått aktivisert seg. Når ein har ferie, er det tid for å realisera draumar! Særleg i sommarferien. Eg har kome til TUR-bøkene! Blar ein seg gjennom slike bøker, avteiknar det seg straks preferansar for kva ein likar å gjera, men bøkene kan også lesast som ein ønskjebrønn! Derfor røper boka både intense ønskje om å besøkja både Tallinn og Vilnius, samtidig som eg ser at eg alt har fått opplevd sjarmerande Korsika og storbyen Lisboa i Portugal. 


Ferieforma som så langt har gitt dei mest minneverdige feriane, er likevel sykkelturane, både i Noreg og kanskje særleg Frankrike og Tyskland. Det må vera noko med korleis dei stimulerer alle sansar. Derfor blei eg fanga av ein tekst om dei ti beste sykkelturane i Noreg i dag, presentert i Aftenposten for ein del år sidan. Turane er dei personlege favorittane til Sissel Jenseth som har skrive fleire guidar om sykkelferie i Noreg. Alle turane bortsett frå Kystriksvegen var testa av Syklistenes Landsforbund då artikkelen blei skriven. Her er tips å planleggja etter, men ikkje minst å drøyme om! 


Altså, lista:
  1. Rallarvegen; 125 km; den mest populære sykkelruta i Noreg.
  2. Numedal; 241 km; storslage natur frå Geilo til Larvik.
  3. Kystruta i Vestfold; 92 km; idyllisk langs små vegar og stiar frå Horten til Helgeroa.
  4. Nordsjøruta; 110 km; hav, horisont og landbruksland frå Egersund til Stavanger.
  5. Møre og Romsdal; 200 km; ei rute frå Molde til Kristiansund som fortener fleire sykkelturistar!
  6. Telemarkskanalen; 115 km; sluser og særprega natur frå Ulefoss til Dalen.
  7. Setesdal; 255 km; natur og kultur frå Haukeligrend (eller Hovden) til Kristiansand.
  8. Røros/Femunden; 175 km; ein flott rundtur med utgangpunkt i Røros.
  9. Kystriksvegen; 180 km; øyhopping i Helgeland frå Brønnøysund til Ørnes.
  10. Lofoten; 258 km; sykkeltur langs mektige fjell frå Å til Svolvær. 

Så, dette var ei liste for oss som helst ikkje syklar Nordsjørittet!
D128/27-29

2. juni 2017

Hårete mål



Faget  mitt, journalistikken, døyr på sotteseng, kan det verka som. Når eg skriv dette ordet sotteseng, så blei eg nyfiken på kva det eigentleg betyr. Slik er det jo med uttrykk, ein brukar dei i daglegtalen, men er ikkje alltid fullt klar over opphavet til dei. Men å døy på sotteseng er altså eit gamalt uttrykk for at ein døydde etter eit sjukeleie. Sott er eit gamalt ord for sjukdom, les eg på  nettet. Vikingane trudde at ein måtte døy i kamp for å koma til Valhall, derfor blei det å døy på sotteseng sett på som noko mindre ærefullt enn å døy ved sverdet. 

            Så spørst det kva som er den mest ærefulle måten å døy på for journalistikken i dag? Ein av dei minst ærbare må vera måten leiarskribentane i The Washington Post tok for seg Bernie Sanders i nominasjonskampen for å bli demokratanes kandidat til presidentvalet i fjor. Alle som éin fillerista Sander sitt prosjekt, medan Clinton fekk gå fri, skriv Thomas Frank i ein artikkel i Le Monde Diplomatique frå desember i fjor, med tittelen Kommentariatets antipolitikk. Frank brukte uttrykket å vera fotsoldatar i den politiske krigen. «Etter en vellykket nedrakking av Bernie Sanders, trodde den amerikanske pressen at de kunne gjøre det samme med Trump. Vil historien tilgi dem?» spurte Frank. Trump sitt mål å er å gjera USA stort igjen. Eit hårete mål for ein strebar, men no får ein jo sjå kor mange vener han sit igjen med. 

            På nittitalet hadde NRK også store visjonar (det har dei sjølvsagt enno), men dette var ei brytningstid; éin kanal skulle bli tre – Einar i tri kanalar som det blei sagt, etter kringskastingssjef  Einar Førde. Distriktskontora skulle få meir sendetid, og kva i all verda skulle ein fylla den med? Mellom anna skulle morgontimane mellom klokka seks og ni om morgonen no vera distriktstid. Komité må på plass! Me må tenkja store tankar. Mange ord som vanleg i slike arbeid, men kollega Ludvig Lorentzen, som alltid har hatt ordet i si makt, fekk sett ord på ambisjonen vår for timen mellom åtte og ni, som var eit heilt nytt tilbod, og der me ikkje var lystne på endå ein time med nyheiter, men heller noko som tiltalte hjarta, kanskje? Eller som Ludvig sa:

            «Målet med den nye timen er ikkje å få opp lyttartala, men få ned sjølvmordsfrekvensen!»
Med det, god helg, håpar du får med deg litt god journalistikk i løpet av helga! 


D127/20