4. august 2017

Monarkiboka



Det stundar mot søskenbarntreff for mamma si side på Jæren. Tankar om slekt og arv er lenger framme i pannebrasken enn elles. Éin ting eg veit eg har arva, er lysta til å ta vare på kongestoff! For då me rydda ut etter barndomsheimen, fann eg fleire gamle eksemplar av Hjemmet og aviser som mamma hadde tatt vare på, og mange av dei handla om det store kronprinsbryllaupet i 1968 mellom Sonja og Harald. Diskusjonen om monarki eller ei gjekk endå høgare den gong, enn den gjorde i starten av dette tusenåret, då me forstod at vår eigen Haakon også (sjølvsagt) kom til å velja seg ei frå folket. Eg har samla masse kongestoff og kalla boka HKH – «Hans/Hennes Kongelige Høyhet»!

            Det komande kronprinsparet vårt valte å vera sambuarar då dei forlova seg; berre det var jo vanskeleg for mange å svelga, men ikkje for svigermor Sonja. Ho visste kva ho snakka om då ho blei spurt om sambuarskap var den beste måten å læra seg prinsesserolla:

«I hvert fall trenger man tid. På hvilken måte dette skjer, tør ikke jeg gi oppskriften på. Men jeg har selv opplevd dette med å bli kastet inn på scenen, arenaen. Jeg tror, håper i hvert fall, at hun får tid til å venne seg til en omstillingsfase som må til for mennesker når de skal bytte roller.»


            Samtidig, i same boka, mange innlegg om monarkiets framtid. Thomas Chr. Wyller, professor i statsvitskap, var mellom dei mange som ytra seg. Han oppsummerte sin kronikk slik:

«Monarkiets samlede rolle er ikke lett å beskrive. Fullt belyst vil dets profil først fremstå i det øyeblikk det måtte bli avskaffet. Til republikanerne går en utfordring: hvilke verdier skal en statsform ivareta? På hvilke områder svikter monarkiet? Hvor – og hvorledes – vil en republikk (hvilken?) tjene oss bedre? Bare på det plan: i sammen av en antatt vinnings- og tapskonto – ikke i prinsippenes luftige atmosfære – kan en seriøs debatt føres.»


            Alle demokratisk innstilte menneske meiner sjølvsagt at me skal velja våre leiarar. Men når ein ser kva somme land klarar å tilby folket av valbare kandidatar (les USA), så har eg ikkje behov for å ri prinsippa om arv eller ikkje.
            Det er forresten to monarki som har kome til finalen i fotball-EM i Nederland; Nederland og Danmark. Begge landa var i vår gruppe i det innleiande spelet. Eg forventar høg monarkifaktor på kampen, med den vakraste og mest sympatiske dronninga i verda, Máxima, på tribunen. 

            Dette blir boost av gode kjensler og stemning. Akkurat det me treng i denne spinngale verda akkurat no.
            Derfor monarki.
            Slik det ser ut no. 

Akkurat no går eg for monarki. Du veit aldri kva du får!
Sylvi Listhaug som president, liksom?


D136/5, 53, 138


28. juli 2017

Turismeprisen



Hausten 1991 hadde eg mi store danningsreise til Søraust-Asia. I fire månadar reiste eg rundt (sjå det fine kartet eg laga og etterpå tok bilete av til ljosbileteframsyninga på turen!). 


Ikkje nok med at mitt eige verdskart utvida seg og eg fekk mange nye haldepunkt eg tok med meg vidare, men det sette nye spor i sjela også, slik at eg kunne starta på ei ny retning då eg kom heim. I etterkant samla eg inntrykk frå andre som hadde besøkt nokon av dei same stadane, som Kjell Gjerseth og Per Dybvig jr. i Stavanger Aftenblad i 1995. Det kom til meg denne veka, fordi me no har starta diskusjonen om det finst ei tålegrense for kor mange turistar me skal ta imot, no sist i Geiranger, og me kjenner vel til det frå Preikestolen hjå oss også.

Eg var sjølv på Kuta Beach på Bali som Gjerseth skriv om. Det var ei ekkel kjensle på den staden av at det berre var pengane våre folk var interessert i, men kanskje det er det turismen legg opp til? 


Her er litt av det Gjerseth skriv:

«Paradokset er velkjent: Hvite mennesker og etterhvert også kinesere, japanere og andre rike folk, oppdager en strand, en øy, en smilende lokalbefolkning. Så bygger de flyplass, hoteller og barer. Så stormer titusener turister området. De smadrer den lokale sivilisasjon og kultur og bringer inn sentrale vestlige verdier som diskomusikk, prostitusjon, gambling, hamburgere, svømmebassenger og fyll. Det praktiske resultat er triste kontraster der småunger og kvinner tigger langs fortauene, mens brølende australske mannfolk synger «Take me home» på rockekafeen.»
Kor langt er me villege til å gå hjå oss, før det unike med våre turiststadar forsvinn? Klarar me å møta dei som kjem med ektefølt interesse for kven dei er, eller er augo våre berre fylt av blinkande kroner i møtet med dei? Kva vil me med turistane? Når får me ein karaokebar på Preikestolen?

D135/177, 187