13. februar 2015

Om å stilla spørsmål



Kor langt skal eg strekkja meg for å ha toleranse for religionars krav på respekt for verdsbiletet deira? Kva skal vera leiestjerne mi i møtet med fundamentalisme? Dette er blant spørsmåla som kjem til meg i etterdønningane etter diskusjonen om ytringsfridom.

To tema har tiltalt meg, ser eg, når eg har samla artiklar i arkivet mitt; den moderne fysikken med alle kvantane,  og New Age-rørsla, som for meg først og fremst har vore ein inngang til å sjå tilværet i eit litt større perspektiv enn det religionen me vaks opp med klarte. Det handla først og fremst om å finna eit nytt språk, trur eg.

Mange i New Age-miljøet har tatt til seg kjensgjerningane i kvantefysikken. Nokon har hevda at viss ein går inn for den nye vitskapen, måtte ein også gå inn for eksistensen av ånd. Dette var temaet for eit intervju som Alf van der Hagen hadde med kvantefysikaren Kristoffer Gjøtterud i Dagbladet 18. september 1989. Gjøtterud blei intervjua i ein serie Dagbladet hadde der dei ønskte å belysa korleis ulike naturvitskapar bidrar til å forma synet vårt på dei humanistiske disiplinane og på verda. 

 
Gjøtterud meiner at ein ikkje utan vidare kunne trekkja slutningar som den over. Derimot blir sjølve mysteriet, det faktum at me ikkje forstår, meir og meir tydeleg, meiner Gjøtterud. Vitskapen kan ikkje levera det åndelege heilheitssynet på tilværet som mange har behov for, meiner han, for kunnskapen vår er alltid fragmentarisk. 
”Det er ren flukt å beskytte seg mot tilværelsens overveldende uvisshet ved å søke enkle svar, enten det er i fysikken eller i teologien”. 
Verken trua eller naturvitskapen har det fulle svaret, meiner Kristoffer Gjøtterud. Dersom den eine pretenderer å ha det, kjem den i konflikt med den andre. Så då gjeld det berre å slå tru og vitskap saman for å få svara, spør van der Hagen. 

”Nei, ikke for å få svarene. Men for å få et grunnlag for å leve med de ubesvarte spørsmålene. Et grunnlag for å leve midt i konflikten!” 
Gjøtterud meiner at den viktigaste allmenn-kulturelle oppgåva til vitskapen er å halda det ope at verda ikkje er kjent og ikkje forstått. 
”Det fantastiske med vitenskapen er først og fremst at den bringer interessante spørsmål. Det er ingen selvfølge.”
Og dette er ei intellektuell tilnærming som tiltalar meg, kjenner eg. Retten til å stilla spørsmål, må vera eit viktig innlegg i debatten om ytringsfridom. Eg blir ullen i sjela når eg møter folk eller system som har alle svara, og som krev respekt av meg for denne ståstaden. Og motsett: eg blir audmjuk når forskarar og intellektuelle skiftar syn, slik Francis Fukuyama gjorde det. Han blei intervjua i Morgenbladets temanummer om Diagnose: Samtiden, i desember 2014. 

”For av og til skjer det noe, hendelser som tvinger deg til å konfrontere noen av dine ideer. Ser du tilbake på det siste tiåret, eller de 13 årene siden 11. september, ble to virkelig store feil begått. En var Irak-krigen, den andre finanskrisen. Begge var knyttet til konservative ideer – konservative i en amerikansk kontekst. Og hvis du har ideer som fører til en stor katastrofe, da må du gjennomtenke disse ideene på nytt. Når det gjelder Irak-krigen, var ideen at USA kunne bruke sin hegemoniske posisjon og harde militære makt til fundamentalt å endre politikken i hele regionen. Det var en fullstendig feil idé. Og finanskrisen? Her var det troen på at uregulerte eller lett regulerte finansmarkeder ville regulere seg selv. Det viste seg å være fullstendig feil. Hvis du ser noe slikt skje og du ikke endrer dine oppfatninger, så er du rett og slett ikke hederlig”.
Lurar på om ordet heiderleg er i IS sitt vokabular, når eg les i vekas Morgenbladet at dei har jaga éin million kristne på flukt frå Irak.

Kristoffer Gjøtterud døydde i 2001.

D7/24

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar