10. april 2015

Garborg og kulturmelderi



I dag låg Stavanger Aftenblad utafor døra mi med ei nyskaping på sidene 57 til 68. Ein eigen seksjon med meldingar om bøker, musikk og film. I ei tid der kulturmelderiet har harde kår i  mange medium, er dette ei gledeleg satsing. Lest.sett.hørt heiter nysatsinga, og det ser ut som om me mellom anna skal få følgje med nye kommentatorar, som Berit Moltu, som presenterer seg med ein kunstkommentar om Bjarne Melgaard si utstilling på Munch-museet.

Satsinga får meg til å stoppa ved svaret på ein e-post eg fekk i juni 2001. Det var Garborg-år og Jæren Presseklubb og Stavanger Journalistlag inviterte til debattmøte om Arne Garborg som journalist og redaktør.  Redaktøren i Dag og Tid var der; Audun Skjervøy, det same var sjefredaktør Ivar Rusdal i Jærbladet. Forfattar Einar O. Risa var med, og det same va Kristin Aalen Hunsager, kulturjournalist i Stavanger Aftenblad. Eitt av utgangspunkta var mellom anna at Garborg sjølv slakta Henrik Ibsen som 25-åring. Kulturkritikk – er det rotfylte meiningar eller reklame, var eitt av spørsmåla som blei stilt. Eg leia debatten, men hugsar ikkje så mykje frå den i dag. Men i mitt arbeid med research til debatten, sende eg ein e-post til mangeårig NRK-medarbeidar Jahn Otto Johansen. Han hadde vore på eit Garborg-arrangement same veka om Garborg og Tyskland.

”Mot til å meina – styrke til å skapa” var mottoet for Garborg-året. Meiner Johansen at norske journalistar har mot til å meina? Vågar dagens kulturmeldarar å ta hardt i? var blant spørsmåla eg lurte på om Jahn Otto Johansen kunne reflektera litt over.
Johansen meinte for det første at Garborg var ein journalistisk ”gravar” lenge før dette kom på moten. Han var ikkje redd for å ta opp det skakke og skeive i samfunnet og utfordra gjerne det etablerte, ikkje berre borgarskapen, men også radikale intellektuelle og kunstnarar.

”Garborg bygget sin menings- og kommentarjournalistikk på mye lesning og refleksjon. Her kan mange journalister i dag ha mye å lære av ham. Det er ikke nok å ha et politisk korrekt engasjement – politisk korrekt i den forstand at de fleste norske journalister befinner seg på venstresiden – det må være et engasjement bygget på kunnskap, refleksjon og ettertanke. Mye av norsk kulturjournalistikk i dag er ureflektert og en del av anmelderiet er ”man-står-på-skulderen-til-hverandre”-journalistikk. Man skriver for hverandre og sine klikker, sitt klientell, med liten åpenhet overfor det man ikke selv liker.”

Jahn Otto Johansen meinte at Garborg i sine kulturartiklar ikkje var redd for å spissa pennen og vera skarp og polemiserande, men at han aldri var tantete belærande.

”Han stod helt utenfor det kameraderi som preger for mye av norsk kulturjournalistikk i dag. Dessuten: Hans journalistiske reisebeskrivelser kan stå som forbilde for en hvilken som helst utenrikskorrespondent i dag. Det var hva svenskene kaller ”bildningsresor”.

Så lukke til Stavanger Aftenblad med nysatsinga, og til dykk som nå skal melda bøker, filmar og kunst framover: Bli gjerne inspirert av Arne Garborg!


D15/189

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar