Etter ei veke med pornosketsjar i Trygdekontoret og syning av filmen ”Pornland”
i regi av Kvinnegruppa Ottar i Stavanger, stoppar eg ved artikkelen ”Foran pornens opplyste
vindu”, skriven av Arild Abrahamsen i Stavanger Aftenblad, sånn rett etter år
2000. Filmen ”Pornland” tar utgangspunkt i boka til Gail Dines med same namn og
handlar om korleis pornoen har invadert seksuallivet til folk og det offentlege
livet.
Abrahamsen skreiv fleire artiklar om pornografi, og klarte med den fantastiske formuleringsevna si, og den klare ståstaden sin, å forfekta standpunkt som oppfordra dei fleste av oss til å ta standpunkt, ikkje berre flyta med når kremmarane frista med sitt. Eg kan ikkje sjå at argumenta og tankane hans er mindre gyldige i dag, dessverre.
”Pornografi var i landet Føritida en isolert skam for fjortenåringar og
ensomme menn i stengte frakker”, innleier Abrahamsen. Han fortel oss at Porne
tyder skjøge, og at pornografi då blir skjøgens uttrykk. Fjortenåringen og frakkemannen har ufullbyrda seksualitet og
dekkjer dermed eit slags behov, skriv Abrahamsen. Men kva med oss andre, spør
han.
”Hvordan har total-pornografien klart å gjøre oss alle til klienter for en global voyerisme som for øyeblikket ser ut til å være medieutviklingens hovedformål. Hadde vi virkelig behov for å se alt?”
Internett er
blitt verdas største horehus, meiner Abrahamsen. Der film tidlegare var ein naiv underhaldningsgigant, blir kvinnelege
skodespelarar nå kjent igjen på rumpene sine. Det er
blitt rein oppdretts-næring, meiner han.
”OK. Folk har vel alltid glodd litt. Men i vår tid er begloelsen blitt Gud. Forskjellen er stor. Nei. Den er enorm.”
Der straffelova
skal ta seg av dei brotsverka som er så alvorlege at folk skal straffast for
dei, må normene halda orden og regulera det andre, skriv Abrahamsen. Men så
blei prestane borte, og som ved eitt eller anna ukjent komet-nedslag, forsvann
heile den moralske rettleiar-funksjonen i samfunnet vårt. ”Mediene overtok
prestenes rolle som formidlere av verdier. Men mediene er en ulv i
bestemor-drakt, og den sultne aksjonær-tanngarden er synligere enn noensinne. Vi
godtar det, vi godtar alt.”
Alle vil vera kule, påstår Abrahamsen – prestar og politikarar,
bestemødre, lærarar og redaktørar. Dermed er det ingen
som tør å seia det mest ukulaste, nemleg
”Det er nok nå. Det heter ikke ytringsfrihet når hvemsomhelst kan kjøpe seg adgang til heimene våre og fylle de med møkk. Det heter kremmer-frihet og er noe helt annet. Vi fikk et millennium-skifte i gave og en symbolsk anledning til å gjøre en vri, skape noe annet. I stedet hvalper vi rundt i medie-kennelen som logrende idioter. Slutt med det.”
Våre spontane klikk på internettlenker, gir redaktørane eig signal om kva
dei trur folk vil ha.
Øving: Klikk berre på saker der kvinner framstår som handlande subjekt i eigne liv. Dette er eitt av måla i prinsipprogrammet til Kvinnegruppa Ottar og det er eitt mål me må løfta fram der me kan.
Øving: Klikk berre på saker der kvinner framstår som handlande subjekt i eigne liv. Dette er eitt av måla i prinsipprogrammet til Kvinnegruppa Ottar og det er eitt mål me må løfta fram der me kan.
D16/12
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar