Innimellom har me så godt av det utanforståande blikket. Invitera andre
inn som kan bidra med andre agendaer og andre måtar å sjå ting på, enn det me
klarar å få til med våre eigne perspektiv. Slik var det også då den italienske
filosofen Gianni Vattimo blei invitert til å delta på eit seminar ved Det
teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo for 8-9 år sidan. Den italienske
filosofen kom til landet i ei tid då delar av det intellektuelle Noreg
diskuterte korleis religionsforskarar skulle orientera seg i høve til religion
og det som skjer utanfor akademia. Det var Trygve Wyller som henta fram
filosofen og han skriv at heile livet til Vattimo er ein sterkt kritisk
kommentar til tanken om den distanserte forskaren. Ein heilt utenkjeleg
posisjon, meiner Vattimo, fordi forsking i seg sjølv er ei tolking av verda. Dette
er sentralt i det uttrykket Vattimo er mest kjent for, skriv Wyller, nemleg ”il
pensiero debole”, den svake tenkinga.
Nå må ein ikkje tenka at svak tenking er kvalitativ dårleg tenking.
”Svak tenkning betyr at all tenkning, all forsking er en tolkning og ikkje en endelig objektiv påstand”.
Og vidare:
”Betydningen av å fastholde at alle tolkninger snart blir tolket på nytt, er å forhindre grunnskaden i det europeiske prosjektet: Å være så besatt av å finne det objektive – Væren – at det fremmede tvinges til å bli en del av det. Resultatet er åndelig og fysisk vold.”
Forpliktinga
til omsorg, ”caritas”, er sentral i den svake tenkinga, fordi det er i ein slik
praksis den svake tenkinga syner si humane side.
Debatten tilbake for 8-9 år sidan fekk mellom anna Ingunn Økland i
Aftenposten til å meina at religionshistorikarane var tilbakehaldne. Dei skreiv
om fundamentalismen, men dei meinte nesten ingenting om den. I dette, skriv
Wyller, kjem Gianni Vattimo med eit viktig bidrag, fordi han set eit
spørjeteikn om ikkje dette med å vera besett av objektivitet som er kjelda til
valden. I dette ligg Vattimo si rolle som filosof og religionshistorikar,
meiner Wyller.
”Det handler om en søken etter en religionsform som bærer helligheten i tilværelsen videre.”
Det heilage er det ”svake” der me ber liva til dei andre. Religionen er
framleis del av det offentlege rommet, og Vattimo gir bidrag til å spørja kva
former for religion me helst ønskjer oss i det rommet, skriv Wyller.
Så får eg lyst til å avslutta med eit sitat som rann inn i ei
skjermmelding i dag:
”Don’t face reality – create reality.”
God helg – og for de som er i Stavanger; gjerne
på Kapittel!
D38/56
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar