Me var ei arbeidsgruppe som hadde forfatta Kielland-utgreiinga, og eitt
av framlegga i rapporten var å kalla Torget i Stavanger for Alexander Kiellands
plass. Eg målbar tanken i ein kommentar i Rogalands Avis og Stavanger
Aftenblad, og meiner ideen framleis er god! Alexander Kiellands plass – der
Alliken sjølv står og speidar utover Torget og det indre av Vågen, som
Tusenårsstaden i Stavanger også omfattar – ville bli som eit stort klasserom,
meinte eg begeistra. I debatten som følgde meinte andre også at dette var heilt
rett namn, medan politikarane meinte at det ikkje var rett å endra på *Torget-namnet.
Men altså – namnet skulle invitera til formidling. For kven er han,
denne mannen som byen har gitt ein så framtreden plass med statue på Torget?
Mange veit mykje om han, men altfor mange veldig lite, meinte me. Ved å få ein
eigen Alexander Kiellands plass kunne det hjelpa til med å få ein del
biografiske referansepunkt for denne forfattaren, for dei finst i mengder viss
du står på Torget og snurrar rundt. På Kiellandtomta ved Breiavatnet veks han
opp, eit par hundre meter derfrå gjekk han på Stavanger Katedralskule og ved
sia av den igjen står Stavanger domkyrkje der Alexander gifta seg. Der
Kvardagsscenen på Torget står, sto Mortvedt-huset, her hadde Stavanger Avis
sine redaksjonslokale, og her var Alexander Kielland redaktør i 1889. I eitt
kort år produserte han journalistikk som gjorde han til ein pioner innanfor
sjangeren kritisk journalistikk i Noreg.
Omtrent der Fiskeutsalet ligg no, lå tidlegare Kiellandverven; dette
var Alexander Kiellands forfedre verft der familierederiet reparerte eigne
skip. Litt lenger opp, omtrent der Anker-bygget ligg i Kongsgårdbakken, låg
byhuset til familierederiet, og ”Forberedelsen”, eit hus Kielland-familien
brukte til å losjera dei nygifte i familien, blant dei Alexander og hans Beate
då dei gifta seg. I dette miljøet, omgjeven av familie og andre folk, traff han
menneske, og livsvilkåra og eigenskapane deira fletta han saman i litteratur som
framleis har mykje å seia oss.
Så om det ikkje blir nokon Alexander Kiellands plass i heimbyen hans,
så står eg framleis på at det var eit veldig godt tiltak!
D42/67/45
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar