Me er inne i Nobel-veka. Altså den veka nobelprisane blir delt ut, på
dødsdagen til Alfred Nobel, 10. desember. Tunisisk dialog er blitt heidra med
fredsprisen i Oslo, og i Sverige er det høg festfaktor når dei andre prisane
blir delte ut. Vår eigen fredspris er det jo lukkelegvis gitt for dei fleste av
oss å forstå bakgrunnen for, slik også med litteraturprisen. Men fleire av oss
slit med å forstå dei gjennombrota som ligg bak utdelingane til dei framståande
kvinner og menn som blir tildelt nobelprisane i fysikk, kjemi og fysiologi
eller medisin. Og det var nok eit ønske om å forstå nettopp desse sistnemnte
prisane, som gjorde at eg klypte ut meldinga av boka Nobelfysik i vardagen. 100 nobelpris förklarade i en mordgåta av
Arvid Hove i Dag og Tid.
Han har utrøytteleg meld bøker om naturvitskap i
avisa, og denne med nobel krim tiltalte meg ekstra. Forfattarane bak boka er
Patrik Norqvist og Maria Hamrin og den kom ut i 2007. Du kan kjøpa den som
e-bok fleire stader på nettet, har eg sjekka i dag. Arvid Hove har forresten sympati for mitt
utgangspunkt i meldinga. Som han seier: «Når nobelprisen i fysikk vert forkynt,
kan grunngjevinga for prisen ofte vera vanskeleg å forstå for ein lekmann som
til dømes i 1980 då amerikanarane Cronin og Fitch fekk prisen for «oppdaginga av
symmetribrot i nedbrytinga av K – mesona». Det er to mord og eit mordforsøk som
er utgangspunktet for mordgåta, og politiet får hjelp frå to fysikarar til å
oppklåra mordgåtene. Det syner seg at veldig mange av dei oppfinningane ein har
kome fram til i fysikk, spelar ei stor rolle i det livet me i dag omgir oss
med. I 1909 til dømes var det fysikarane som sto bak utviklinga av trådlaus
telegrafi, som fekk prisen, og utan denne ville det ikkje vore muleg å bruka
mobiltelefonar. Hove tilrår boka på det varmaste – dette er boka for dei som
ønskjer å få presentert god kvardagsfysikk!
Og så eit slags malapropos til den overdådige nobelfesten i Stockholm –
og delvis i Noreg. Eg unnar alle
prisvinnarane all heider dei kan få. Men det kom til meg også i denne vekas
Kina-bok, eit sitat frå Sokrates. Ta det med deg inn i dei siste
juleførebuingane:
«Han er nærmest Gud som trenger minst.»
D50/73, 94
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar