Eg er så glad i papiraviser, og så glad for at eg har tatt vare på
mange artiklar som framleis kan gje gneist og vegleiing i kvardagen. Og det er
altså litt av dette eg prøver å formidla i denne bloggen. I mange år har Dag og
Tid hatt ein serie der dei har tatt for seg mange personar som har gått ut av
tida, og spurt folk som kjende livsverka deira om kva dei ville med livet. Dei
stiller store spørsmål og dei største, som dei seier. Og denne veka fell blikka
mine på Hulda Garborg og Sigrid Undset. Eg konsentrerer meg om to av spørsmåla –
Var ho lukkeleg? og Kva ville ho med livet?
Det er biograf Arnhild Skre, som fekk mange godord om boka si om Hulda
Garborg, som svarar for Hulda. Så kva meiner Arnhild om Hulda, var ho lukkeleg?
«Ofte var ho livsglad, og ofte tok tungsinnet henne. Ho hadde evne til å bli begeistra og til å begeistra andre. Som mor var ho lukkeleg, og rett som det var som ektefelle også. Ho likte selskap og mest laussleppt glad ser ho ut til å ha vore når ho dansa. Det gjorde ho ofte.»
Kva ville ho så med livet?
«Hulda Garborg ser ut til å ta hatt tre livsmål: Ho ville byggja og driva ein god heim og eit godt liv for seg og sine. Ho ville utfalda evnene sine som forfattar og dramatikar. Det dristigaste er at ho saman med andre ville realisera ein vill utopi: å henta og arbeida fram ein særnorsk høgkultur som kunne måla seg med den finaste dansk-norske, ja til og med det fornemste franske.»
Kva med Sigrid Undset, som i mellomkrigstida blei ei litterær stormakt,
nasjonalt og internasjonalt med si historiske dikting. Eit verke som toppa seg
med Nobelprisen i litteratur, som ho blei tildelt i 1928. Kva meiner Liv
Bliksrud, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, om Sigrid
var lukkeleg?
«Privatlivet hennar var ikkje det lettaste, men ho fryda seg over barna sine medan dei var små. Diktargjerninga si kallar ho ein uomgjengeleg lagnad, ho berre måtte arbeide. Ho lika seg godt i forfattarforeininga og var uthaldande på festane deira. Ho var ein utprega sensualist og gledde seg over sanselege nytingar, ikkje minst av naturinntrykk.»
Kva ville ho så med livet, ho Sigrid?
«Skape godt kunst og vere ein god kristen.»
Mykje godt gudegneisten-materiale i desse kvinnene, altså! Finn evnene
dine, utfald dei og skap!
D59/2 + 73
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar