Magel døydde 22. april 2013, eg klyppa ut dødsannonsa hennar. Det er
mange dødsannonser i Kina-bøkene mine.
Magel var éi av mamma sine
sjukesøsterkollegaer. Dei var ein fantastisk gjeng som utdanna seg i Stavanger
frå 1953 til 1956, trur eg det var. Det låg ein slags aura rundt desse
kvinnene, som heldt saman i alle år og samla seg til den eine samlinga etter
den andre. Til jul kvart år sende dei kvarandre julekort; Inger, Inga, Turid –
og Magel. Dei fleste budde utanbys og blei berre eit namn, men Magel budde i
Haugesund. Eg forsto at dette var ein relasjon som betydde mykje for mamma. Eg
traff henne berre eit par gonger, på rusletur i Haraldsgata i Haugesund mellom
anna. Magel trakk seg innimellom tilbake, etter kvart som eg forsto meir av
livet, så hadde ho ei psykisk liding. I 2011 var det mamma sin tur til å
arrangera treff, eg blei sjåfør og fekk mellom anna tatt eit bilete av den
flotte gjengen på 11 kvinner som var igjen. Det sette me inn i Haugesunds Avis
og Stavanger Aftenblad. Men det som kjem til meg igjen og igjen etter det vesle
møtet eg hadde med desse kvinnene, var handtrykket til Magel. Ho måtte samla
begge krykkene i eine handa for å helsa på. Det var som å søkke ned i eit osean
av kjærleik og omsorg. Som å bli omslutta av totalt nærvær.
Når eg skriv om Magel i dag, så er det også fordi ho fekk med seg i
dødsannonsa så fine ord. Magel hadde alltid med seg ei bok, fortalte mamma, då
ho såg alle bøkene eg hadde med meg heim på besøk. Eg veit ikkje om Magel hadde
funne desse orda i annonsa sjølv, men uansett så har kampane ho innimellom må
ha hatt med seg sjølv, blitt sett av hennar eigne.
Dette er orda som står i dødsannonsa til Magel:
Ikke før veven har stilnetog skyttelen sluttet å gå,vil Gud trekke teppet til side
og la oss riktig forstå.At også de mørke tråder,så vel som de lyse bånd,var helt nødvendigfor mønstereti Mesterens mektige hånd.
D66/95
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar