Det høyrer med
når du har vore på eit kurs at dei som har invitert ønskjer ei kursevaluering. Ofte
kan det kjennast som ei tvangstrøye, særleg viss utbyttet av kurset var sånn
der. Andre gonger kan utbyttet overgå forventningane, og sjølv om du ikkje blir
beden om å oppsummera kurset, så renn hjartet ditt over. Det kan vera fordi du
møtte deg sjølv på ein stad som kjendest leveleg. At noko var i ferd med å
mjukna opp, at nye innsikter om livet seiv inn.
Slik det var
for meg då eg endeleg fekk delta på min første kombinerte retreat/skrivekurs i
Italia med Kristin Flood og Merle Levin hausten 2010. Kurset blei halde på eit
kloster ein times køyretur frå Venezia, og berre måltida som dei italienske
nonnene laga til oss av heimedyrka grønsaker, var verdt turen åleine. Det
refererer til punkt 9 nedafor!
Så – her er dei
16 punkta av mi evaluering, eller meir: erfaringane eg gjorde meg etter kurset.
Håpar du finn noko du kan ta med deg vidare i dag. (Av ein eller annan grunn
blei desse skrive på bokmål, så då blir dei det her også).
- Kjønnsløst!
- Du må ingenting!
- Gå i ditt eget tempo!
- Søk informasjon, men finn din egen sannhet!
- Pust dypt inn!
- Lytt, og du sprer kjærlighet
- Del, og du mottar kjærlighet
- Dine erfaringer er unike – og sanne!
- Sanselig nytelse
- Værekraft!
- Personlig styrke i personlige møter
- Faglig integritet
- Hjertevarme i organisert orden
- Glede
- Humor
- Takk for at dere lever deres visjoner
D76/29
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar