Min kjære
nynorsk fekk plass i media denne veka etter at studentar på NTNU Gjøvik fekk ei
eksamensoppgåve skrive på eit nynorsk som ligg ganske langt frå tilrådd mal,
for å seia det mildt. Til og med språkdirektøren trudde det var ein spøk då ho
fekk sjå oppgåveteksten. Ikkje rart når ei setning ein møter i teksten er
denne: «Verdsetj investeringas lønnsemd ut tå nåverdimetoda….». Til og med
ordet «kvisleis» er det funne plass til. Leiinga ved NTNU Gjøvik legg seg
sjølvsagt flat. Språkdirektøren grip sjansen og viser til alle dei stadene ein
kan få hjelp til å skriva ein betre nynorsk, mens for meg blei dette inngangen
til dagens tekst der Ottar Grepstad blir intervjua i Norsk Tidend om ein
biografi han har skrive om nynorskens far, Ivar Aasen.
Historia om Ivar Aasen
heiter boka og kom ut i 2013, året då me feira 200-årsdagen til Ivar Aasen. Ottar
Grepstad er mellom anna opptatt av å knusa mytar i boka. Som til dømes at Ivar
Aasen ikkje laga eit språk, men at han fann eit språk. Også spørsmålet om han
var genial eller ei, tar Grepstad tak i. Det ordet finst ikkje i mitt
vokabular, seier Grepstad. «Han er nok over snittet lur i hovudet, men i mange
ganske ordinær. Han er fyrst og fremst ein systematikar av rang», seier Ottar
Grepstad om Ivar Aasen. Og her kjem me altså fram til det eg kallar Ivar Aasens
metode i tittelen på dagens tekst. For som journalisten påstår i intervjuet;
det må jo ha vore eit slit det arbeidet som opptok Aasen? Det var der han var lur, ifølgje Grepstad.
Aasen visste at det han heldt på med, var kontroversielt, men heldt seg til
planen sin og snudde aldri. Han var tolmodig og oppsøkte ikkje konfliktar på
eit personleg nivå. Slikt tok nemleg tid og han kalla seg heller ein tilskodar
til verda. Dette kan ein kanskje tolka som einsemd, men også eit prov på at han
gjekk djupt inn i forskarrolla. Sjølv tok ikkje Aasen nynorsken – eller
landsmålet – i bruk før han sjølv kunne meistra det. I dette taktiske valet låg
ein tanke om at kvalitet vil sigre.
Ein vakker dag
gjer det kanskje også det i eksamensoppgåvene ved NTNU Gjøvik.
D75/96-99
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar