Lyden
av sommar, av fred, kanskje av våre eigne hjarteslag? Det er tida for
bølgeskvulp! Sjølv om det bles harde stormar andre stader, for inngangen til
dagens tekst er slik: Denne veka kom nyheita om at Stavanger Aftenblad legg ned
trykkeriet sitt på Forus. No som dei er i famnen til Schibsted-konsernet har
eigarane der funne ut at det for tida blir trykt for få aviser i konsernet til
at dei kan forsvara å ha eit eige trykkeri her. Det betyr at me som framleis papirabonnerer
Stavanger Aftenblad, no får ei avis med endå tidlegare daudline fordi avisene
skal fraktast frå Bergen eller Oslo først. Nokre år kunne me også gleda oss
over magasinet Pluss laga av Aftenbladet sine eigne journalistar, med litt
fellesbruk av stoff med dei andre avisene. Så forsvann det også, og me fekk
A-magasinet i staden. Det me mellom anna gjekk glipp av med Pluss var ei spalte
som Åsmund Adnøy skreiv som heiter Tekno&Viten. Her tok han på seg jobben
med å gje oss mange gode tips til nettsider som mellom anna kunne hjelpa oss
med å rydda opp i den digitale kvardagen. Mellom anna hadde han ein stor
kjærleik for hjelpemiddel som kunne sortera ulike lister. Eg anar ein mann som
hadde behov for å sortera livet i ein hektisk kvardag. Når du hadde behov for
litt fornya energi, hadde han også tipset klart, og det er her bølgeskvulpet
kjem inn. Donothingfor2minutes heiter nettsida, som ifølgje Åsmund er fin til
rett og slett å reinsa hovudet. Så på denne første dagen i juli, ta ein liten
pause du også.
D79/72
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar