4. november 2016

Den frigjerande fridomen



I ei tid der Universitetet i Tromsø føreslår å kutta mange av faga sine innanfor humaniora, skal me låna øyre til ein sosiolog ved universitetet der i dag, nemleg Gunnar C. Aakvaag. I spalta Forskningsfronten i Morgenbladet har han løfta fram Christian Welzel, forfattar av boka Freedom Rising. Det er endeleg snakk om at samfunnsvitarar utfordrar det 2500 år lange hegemoniet som filosofar har hatt på å diskutera den frie viljen til mennesket, og plassen til fridomen i gode og rettferdige samfunn. Ved hjelp av data frå 95 land oppsummerer Welzel funna sine. 


Utgangspunktet hans er dette: at skjebnen til menneska stort sett alltid har vore ufridom, og denne vonde sirkelen av ufridom består av vanlege folk som har lite ressursar, noko som gjer at dei ikkje set pris på fridomen, og at dei dermed heller ikkje slåst den for den. Når fleire samfunn dei siste par hundre åra har kome seg ut av denne vonde sirkelen, så peikar Welzel på tre faktorar, fortel Aakvaag.
«Økonomisk bidrar teknologisk utvikling til at store lag av befolkningen får nok ressurser til at de med ett har bruk for mer frihet. Kulturelt gjør dette at frihet verdsettes høyere; frihetsverdier vokser frem. Og rettslig-politisk fører frihetsverdier til fremveksten av sosiale bevegelser, som arbeider-, kvinne- og homobevegelsen, som kjemper frem institusjonelle frihetsgarantier i form av sivile og politiske rettigheter.»

Kva er så vegen fram til det frie samfunnet? Jo, det er teknologisk-økonomisk utvikling, «basis» hjå Karl Marx. Dette set i neste omgang frigjeringsprosessen i gang, og av dette følgjer kulturelle verdiar og institusjonelle garantiar («overbygnad»). I det Aakvaag karakteriserer som den mest kontroversielle delen av boka, så føreslår Welzel at det er enkel, stabil tilgang til reint vatn som er den tingen som set i gang utviklinga ovanfor.
Men kva med dei som meiner at prisen å betala for individfridomen er samfunnsoppløysing? Det stemmer ikkje, seier Welzel, som har funne at jo meir fridom og fridomsverdiar er utbreidde i eit samfunn, jo meir empatiske, altruistiske (uselvisk og offervilleg), samarbeidsvillege, tillitsfulle og nøgde med livet er samfunnsmedlemane, og jo lettare mobiliserer dei kollektivt for felles mål. 


 Welzel syner at fridomen til å kontrollera sitt eige liv har gått frå å vera eit eliteprivilegium til å bli eit massefenomen, og dette har ei rekkje positive konsekvensar for individ og samfunn.
Gunnar C. Aakvaag kjende seg – som fridomselskar – oppstemd av å lesa boka, og eg – som fridomselskar – blir oppstemd av å formidla dette vidare. 

D97/150-151



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar