Eg må nesten starta dagens tekst med
å ta meg tid til i eit par linjer å dvela ved det faktum at dette er bloggpost
nummer 100! Det som eigentleg starta som eit prosjekt der eg hadde lyst å prova
for meg sjølv at eg var i stand til å laga ein avtale med seg sjølv, har
resultert i eit lite prosjekt som no nesten går av seg sjølv. Kvar fredag
klokka 14 i snart to år er det blitt publisert ein tekst, og det finst framleis
mange bøker i Livets leksikon – som eg kallar denne samlinga av utklypte
artiklar og andre dokument – så her er det berre å følgja med vidare på ferda!
Så – kva tekst er det som skal få
æra av å vera nummer 100? Jo, ein tekst om sjeldne grunnstoff! Det er nemleg
intense budsjettforhandlingar forstår me i Stortinget, og den største bøygen er
at Venstre ikkje er nøgd med satsinga på tiltak som kan få i gang det grøne
skiftet. Samstundes fortalde NRK Rogaland oss i nyheitssendinga i går kveld at
el-bilsalet berre aukar, og at bilforhandlarar på Haugalandet som ikkje har el-bilar
i sortimentet no opplever ein stagnasjon.
Men er det slik, som eg av og til
kan få eit inntrykk av, at det berre er straum som er saliggjerande i denne
overgangen til dette grøne skiftet? Nei, det er jo ikkje det, fortel Henrik H.
Svensen, han er seniorforskar ved Senter for jordas utvikling og dynamikk ved
Universitetet i Oslo. For der tanken er at det grøne stiftet skal gjera oss
mindre avhengige av olje, så treng den nye teknologien mineralressursar, og
dermed må det gruvedrift til.
Grunnstoffa som skal til, er mange,
skriv Svensen. El-bilbatteria krev store mengder litium, kobolt, nikkel og
mineralsk karbon. Skal ein laga vindmøller, så treng turbinane der kopartrådar
og magnetane inneheld niob. Solcellepanel blir laga av silisium og sjeldne
jordartar. Så er spørsmålet: finst det store nok reservar av desse grunnstoffa
til å setja det teknologiske skiftet i gang?
Utfordringa med litium er at det
ikkje finst som reint metall i naturen. Dei største reservane av litium finst
oppløyst i dei store saltsjøane i Andesfjella i Chile. Det finst også store
reservar av litium i Australia, der litium er bunde til det kvite mineralet
spodumen.
Det er enorme mengder litium som
skal til. Eit lite vanleg AAA-batteri inneheld eitt gram litium, medan
batteriet i ein Tesla-bil inneheld meir enn ti kilo! Lukkelegvis er reservane
av litium i verda så store, at ekspertane ikkje ser for seg at me går tomme med
det første, sjølv om me risikerer å gå tomme i Europa. Ein stor reserve av litium
finst mellom anna i Karleby i Finland, men drifta har ikkje starta.
Grafitt er også eit mineral det er
bruk for i den nye teknologien. Grafitt blir bruka til å laga anodar til
bilbatteria, og på Senja finst det faktisk ei slik grafittgruve.
Miljøvennleg teknologi er noko mange
har lyst på, men ein treng altså gruvedrift for å få opp stoffa ein treng i
produksjonen, men kven ønskjer det i nærområdet, spør Svensen. Terrenget blir
endra for alltid, og store mengder knust stein må lagrast, anten på land eller
til havs, med endringar av økosystem og fare for sur avrenning.
Men det finst ikkje nokon veg utanom
denne gruvedrifta, seier Svensen, for grunnstoffa me finn der syner veg til
framtidssamfunnet.
Og denne datamaskinen som skriv
desse linjene, består vel omtrent av det same om Svensen sin maskin, og då
inneheld den mellom anna aluminium, arsen, barium, beryllium, kadmium, krom,
kobolt, kopar, gallium, gull, jern, bly, mangan, kvikksølv, palladium, platina,
selen, sølv og sink.
Takk for følgjet så langt til deg
som les dette; håpar du blir med vidare!
D100/122-123
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar