Eg er i København og blei litt forstyrra av noko
urovekkande i går. Eller – først blir ein jo glad, av at danskane har oppdaga
den norske tv-serien Skam, og at
danske ungdomar no sleng rundt seg med norske uttrykk i skulegarden. Men det er
resten av kommentarartikkelen i den danske avisa Berlingske Tidende som gjorde
at eg tenkte: Er det verkeleg slik? Normalt tar eg notat og merker meg både
namn og nummer på dei som skriv, men denne gongen får det vera nok å vidareformidla
hovudinntrykket: at danske ikkje heilt veit poenget med oss nordmenn.
Inntrykket journalisten formidlar vidare er at me framleis sit på ei hytte oppe
i fjellheimen i nikkersen vår, med tilgang til ein matkultur som er heilt
forferdeleg. Han tar litt sjølvkritikk på at kanskje danske medier har vore vel
lite interesserte i kva som føregår oppe hjå oss, og at danske hendingar har
mykje større sjanse for å bli ei nyheitssak i Noreg, enn omvendt.
Med dette som bakteppe, gjer det då jo veldig godt at
ein av dei store plakatane som møter deg på veg inn til bokhandlane er av Linn
Ullmann og boka hennar frå i fjor De
urolige, som no er komen i dansk omsetjing, til overveldande
tilbakemeldingar, får ein vel seie. Og bøkene hennar ligg i stablar på mest
populær-bordet. Så då passa det godt at nettopp meldingar av hennar bok ligg og
ventar i bok 103. Litteraturvitar og litteraturmeldar i Stavanger Aftenblad,
Brita Strand Rangnes omtalte då også boka som éi av dei beste i Noreg i fjor. I
boka er det eit vakse barn som fortel, og ho omtalar seg sjølv som både «hun»
og «jeg». Personane i romanen er ikkje omtalte med namn, dermed opnar teksten
for ei allmenn erfaring, sjølve om foreldra til Linn Ullmann hadde og har sin
heilt spesielle plass i skandinavisk kunst, Ingmar Bergman og Liv Ullmann.
Det er blitt ei veldig sårbar forteljing om eit lite
barn. Ho lever i spennet mellom moras rastlause tilvære og faren som er meir
stadbunden.
«Samtalene med faren er en fascinerende blanding av høyt og lavt og beskriver enestående ønsket om å bevare det innsiktsfulle blandet med innsikten om at det er bagatellene som utgjør det meste av livet.»
Dei danske avisene har altså kasta stjerner etter
Linn Ullmann si bok. På baksida av den danske omsetjinga, kan ein lesa frå
omtalen til Jyllands-Posten:
«Mesterligt… De urolige er en næsten ufatteligt rig, overlegent komponeret og afklaret bog … Linn Ullmann mobiliserer en erindringsstyrke og nærværende opmærksomhed, som er uden sidestykke.»
Ei veninne les også boka for tida, og ho skriv dette
om møtet med romanen:
«Boka er god mot far og mindre nådig mot mor. Vet ikke om jeg liker å lese noe vrengt fra innsiden ut, sånn på vrangen. Samtidig er livet sånn det er, liten vits i å sminke det til, hun er jo blitt folk, men kanskje vondt for moren å lese det? Faren er jo død...»
Og slik held den jo fram, diskusjonen om kven ein
utleverer, og om det er det ein gjer.
Om ikkje anna er dei glad i forfattarane våre,
danskane, det er jo noko!
Du kan lesa prosjektbloggen min frå København her: www.ehbodskap.blogspot.no
D103/127-128
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar