Godt nytt år! Håpar det nye året er godt for deg.
For to år sidan,
som del av å bli femti, starta eg eit leseprosjekt. Eg starta det året eg blei
fødd, 1965, og tok for meg nobelprisvinnarar i litteratur fram til 1999.. Det
var ei fantastisk reise, og det interessante med slike prosjekt, er at noko
stoff i avisene trer fram på ein særleg måte, ein får rett og slett eit
falkeblikk for stoff om nobelprisen i litteratur! Eg fann ut at eg måtte la ei
eiga kinabok famna dette stoffet, og i dag er det altså denne boka eg har kome
fram til. Eg skal servera deg litt notis-stoff frå nobelprisvinnarar i
litteratur.
Morgenbladet
innrømmer det gjerne; dei går Se og Hør i næringa når dei fortel at vinnaren
frå 2010, Mario Vargas Llosa, har gått frå kona si gjennom femti år (ja, det er
rett – dei gifta seg det året eg kom til verda), for å prøva ei anna lukke med
mammaen til Enrique Iglesias; Isabel Preysler. Det blir sikkert fint.
Den svenske kritikaren
Lennart Bromander fekk reaksjonar då han stilte spørsmålet om korleis me skal
handtera ein rasist som Selma Lagerlöf (vinnar 1909). Det er ei novelle som
mellom anna handlar om ein tatergut som er utgangspunktet for teksten og
Bromander meiner at rasismen er ideologisk medviten. Det var å gå over grensa,
meinte Lagerlöf-eksperten Lisbeth Stenberg. Forfattarskapen til Lagerlöf prisar
både toleranse og menneskeleg likeverd.
Doris Lessing (vinnar
2007) sympatiserte med kommunismen, resultat: ho blei overvaka av den britiske
etterretningstenesta M15 i meir enn tjue år, frå 1943 til 1964, mellom anna då
ho budde i den britiske kolonien Rhodesia.
Pablo Neruda (vinnar
1971) frå Chile skal ha døydd av kreft kort tid etter militærkuppet i 1973 der
den sosialistiske presidenten Salvador Allende blei styrta. Det chilenske
innanriksdepartementet erkjenner no at Neruda kan ha blitt drepen i kuppet.
Viss du akkurat
no sit på ein traktorfabrikk og set om bruksrettleiingar, så vit at dette også
kan føra fram til nobelpris i litteratur! I alle fall viss du hadde nekta å
samarbeida med etterretningstenesta i Romania, og heller starta å skriva
regimekritisk litteratur, slik Herta Müller (vinnar 2009) gjorde!
Ja, så var det
slik at mange popheltar gjekk ut av tida i 2016, men det gjorde også ein veldig
populær nobelprisvinnar, nemleg Dario Fo (vinnar 1997). Han var frå Italia og
var dramatikar og skodespelar. Han blir rekna som ein av dei største
dramatikarane i verda. Han rakk ei storstilt feiring av nittiårsdagen sin i
mars, og av alle ting blei dødsfallet hans brukt til ei journalistisk vinkling i
NRK si oppsummering av sportsåret 2016.
Det året, 2016,
hadde alt!
D106/4,
5, 9, 11, 51
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar