I know; det
passar dårleg med ein juletale på denne langfredagen i påska. Men eg er inne i
medieutklyppsbøkene mine, og eg jaktar på tankar som kan gje meg litt håp og
retning i den ustabile medietida me lever i. Derfor Førdes juletale (men det
blir litt vår heilt på slutten, følg med!).
Førde er altså Einar Førde (1943-2004), arbeidarpartipolitikaren som
blei NRK-sjef og dermed var han også min sjef ein periode i NRK-tida mi.
Juletalen hans er frå tusenårsskiftet, prenta i bladet til NRK. Internett var i
startfasen. Eg har lyst å dela dette sitatet frå talen:
«Noen er opptatt av at Internett gir heilt nye store mulegheter, særleg les eg at mange seier at Internett kjem til å vere den store viktige faktoren for at demokratiet kjem til å overleve. Internett gjer oss alle tilgang, Internett gjer det omogleg for makthavarane å manipulere oss. Det er eit, etter mitt syn ytterst overoptimistisk syn. Johan Gutenbers oppfinning hadde nøyaktig det same potensiale. Likevel fulgte den oppfinninga mange år og århundrer med undertrykking og diktatur. Telefonen, fjernsynet, flyet, bilen, alle desse innretningane som skaper kommunikasjon og mobilitet, i ein utstrekning som ingen kunne tenke seg, dei kunne heller ikkje berge oss frå undertrykking og diktatur. Alle desse faktorane var til stades i det gamle Aust-Europa, men likevel vart folk haldne i eit jerngrep. Og nettopp fordi det er om lag ti år sidan det store skiftet i Aust-Europa, så er det viktig å hugse på at det som bragte folk ut av eit gamalt fortrykk, var ein modig mann som såg det same som folk såg. Og han knytta si gjerning til idear, han såg altså eit system som var politisk, sosialt og økonomisk bankerott, og han måtte gjere noe med det. Eller den andre store einskildpersonen det siste tiåret, Nelson Mandela. Kva var det som drev han? Idear, toleranse, evne til å tilgi, humor. Det var ikkje teknologi. Mandela var ikkje eit produkt av den nye kommunikasjonsteologien. Han levde i pakt med den strålande setninga frå det kommunistiske manifest: «Mennesket skaper sjølv si historie». Det er idear, overtyding, vilje, tru, håp, ikkje teknologiske eller vitskapelige framskritt som skaper verda».
Då 25.000 menneske møttest i gatene i Stockholm etter angrepet sist
fredag, så gjorde dei det kanskje fordi dei fekk melding om det via
mobiltelefonane sine, men dei kom fordi dei hadde trua på ei anna kraft, ei
kraft som ligg nedfelt i oss og som me søkjer og vil ytra og kjenna på når
nokon trugar med å ta den frå oss.
Einar Førde siterer poeten Tor
Jonsson i slutten av talen sin. Han snakkar om at han kanskje burde ha brukt
juletalen til å deklamera avgangen sin, men han kjende i staden på at han hadde
usådde åkrar i verket sitt:
«Klagar du livet for gråe dagar, umetta dagar, sorger og sår – verst er å gå frå usådd åker, og ufødd vår.»
Eg har funne fram frøa eg skal
planta i terrassekassen min. Dei ligg der i posane sine, med heile sitt
potensiale, og viss ikkje eg gir dei jordsmonn og vatn og sørger for at den får
den varmen den treng, så kjem dei til å liggja der, tett i tett med dei andre
frøa.
Krafta ligg i oss alle; me kan så
nye frø – og skapa ei ny verd!
Framleis god påske – og vår!
D120/106-107
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar