Du har sikkert som meg vore på ei passe mengde
føredrag og konferansar i livet ditt. Lysarka svirrar forbi der framme etter
kvart som personane på podiet så godt som dei evnar prøver å formidla
kunnskapane sine. Innimellom føredraga som har plassert seg heilt til slutt i
gløymeboka, kjem det fram nokon med ein bodskap som legg seg på bringa di, og
som du sjølv tar med deg dei gongane du står der på podiet og skal prøva å dra
nokon i ei slags retning. For eit par veker sidan var eg på boklansering for
foreininga Landsforeningen uventet barnedød, som heitte Landsforeningen til
støtte ved krybbedød då eg blei beden om å redigera bladet deira ein periode.
Då eg skulle møta folka eg skulle arbeida med for første gong, og hadde gått
gjennom dei medlemsblada dei hadde gjeve ut så langt, henta eg fram denne vesle
historia som eg sjølv altså hadde henta med meg frå eit føredrag.
Det
var filosofen Guttorm Fløistad som sto der framme. Han fortalte om den gongen han var ute og gjekk tur i Nordmarka i Oslo,
då han blei møtt av ein familie. Er me på rett veg? lurte familien på. Ja, det
spørs kor de skal, svara Fløistad.
Det er ikkje ofte eg hugsar slike historier,
men denne brann seg fast. Eg finn opp profilen til Fløistad som står i Norsk
biografisk leksikon. Fløistad
«tilhører en gruppe filosofer som har valgt å kaste blikket like mye fremover i
tiden, som bakover. I erkjennelsen av at livet i seg selv er en stor
læreprosess, valgte han å reise, lytte og snakke med folk – ved siden av å
skrive så vel tunge filosofiske artikler som populærvitenskapelige bøker», les
eg. Dei har også med eit sitat frå Fløistad sjølv: «All
klassisk filosofi er i realiteten en moralfilosofi. Den sier noe om
hvordan vi bør leve og noe om hvordan samfunn bør innrettes som betingelse for
et godt liv og et rettferdig samfunn.»
Me ønskjer jo alle å vera der på eit vis; på rett veg. Kjenna at det me
gjer, er rett for oss. Så slår det meg at me set opp på pidestallen så mange
som meiner dei har svaret på nettopp det spørsmålet; om me er på rett veg. I
periodar har me kanskje folk rundt oss som kjenner oss godt og veit veldig godt
om me er på rett veg, også. Og me lar oss leia; av politikarar, vener og
marknadskrefter. Det er altså her Fløistad kjem med det forløysande spørsmålet:
Kor skal du hen? Det har tatt meg eit heilt liv å kjenna meg fram til eit svar
på det spørsmålet. Det kjennest veldig godt ikkje lenger å spørja andre om eg
er på rett veg.
Er
du på veg til ein god stad for deg sjølv?
Ole Bjørn Rongen til minne
I påska døydde ein tidlegare NRK-kollega av meg, Ole
Bjørn Rongen. Han blei 70 år gamal. Ein kronikk han hadde skrive i Stavanger
Aftenblad, var utgangspunkt for ein bloggpost på denne bloggen i januar. I
minne over ein kunnskapsrik og snill kollega, minner eg om at denne gjerne kan
lesast igjen: Desse kinesarane
D121/187
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar