Spanande turopplevingar står i rekke og rad no om
sommaren, særleg viss ein er på farten. Men kanskje du skal ha sommargjestar,
då er det plutseleg du som må ta på deg guidehatten og syna fram det me har. Me
er jo inne i Luther-året – 500-årsmarkeringa for reformasjonen – som jo for oss
nordbuarar var eit steg bort frå katolisismen. Men då landet vårt blei kristna,
var det jo denne religionen, som tok landet vårt. Det skal handla om steinkors
i dag, som mange stader i fylket vårt står som vitnemål om kristning frå vest.
Bur
du i Stavanger er det næraste steinkorset du kjem det som står i inngangspartiet
til Stavanger Museum på Våland (det er også eit høve til å nyta den første
delen av oppussinga på museet). Eitt anna lett tilgjengeleg er på Krossberg,
ved Hålandsvatnet.
Artikkelen
i Pluss i Aftenbladet frå 2006 tar oss med til Tjora i Sola kommune. Her står
det to kors. Den tidlegare biskopen Fridtjof Birkeli meinte at steinkorsa og
steinane med kors, sto i ein religiøs samanheng og at det var legitimt å trekka
først og fremst religionshistoriske konsekvensar av det. Den eineståande
konsentrasjonen av steinkors i Vest-Noreg syner at me har vore ein åndeleg «provins»,
intimt forbunde med dei britiske øyane også når det gjeld innføringa av
kristendommen i landet vårt, skriv Birkelid.
Det
er to hovudtypar av korsa som står i Rogaland, les me. Dei norsk-keltiske med
retta armar og runde armholer, og dei norsk-angliske med store bua armholer.
Dei ulike formene på korsa kan tyda på kulturell kontakt med ulike område på
Dei britiske øyar, eller at steinhoggarane var knytt til ein særleg
produksjonsstad.
Turen
går vidare til Krosshaug i Klepp, her ligg det ein gravhaug, opprinneleg over
30 meter i tverrmål og 5-6 meter høg. Den gravlagde i gravkammeret var ei
kvinne kledd i festdrakt. Steinkorset står midt i gravhaugen og blei truleg
reist på 1000-talet, rundt 600 år etter at haugen blei bygt. 1000-talet var
rundt tida då landet blei kristna, og ein tenkjer seg at Krosshaug kan ha vore
ein av dei første kristne samlingsstadene i Klepp.
Ein
skal ikkje så langt unna alltid, og la fantasien gjera sitt, så har me spanande
historier i vår eigen bakgard!
Fin
sankthanskveld til alle!
D130/91
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar