I førre veke lanserte journalisten og forfattaren Erlend
Frafjord boka Da Tine ble drept – en kriminaldokumentar.
Den handlar om spor som ikkje blei følgt og eit politi som konkluderte litt for
fort, slik at mange mulegheiter til å løysa saka fordampa bort. Tina Jørgensen
blei brutalt drepen i 2000 og saka er enno ikkje oppklart. Frafjord har
endevenda alle dokument han har kome over – mellom åtte og ti tusen meiner han
sjølv – og målet er at det som no blir framstilt i boka kan gjera at det
kanskje oppstår ei kopling eller to som gjer at saka kjem vidare mot å finna
gjerningspersonen.
Eit slikt imponerande gravearbeid får meg til å
stansa ved eit anna dokudrama, no på film, nemleg Spotlight. Utgangspunktet her er ein artikkel frå 1993 der ein
advokat påstår at over 20 katolske prestar i Boston i USA har forgripe seg på
born. Avisa følgde aldri opp artikkelen. Så går det åtte år, og avisas eige
graveteam bestemmer seg for å ta tak i den igjen. Det resulterte i noko av det
mest tydingsfulle gravearbeidet i amerikansk historie. Artikkelserien kom i
2002 og den dokumenterte omfattande overgrep og systematisk tildekking frå den
øvste leiinga i den katolske kyrkja. Ei lang rekke med liknande undersøkingar
blei sett i gang i heile USA, og etter kvart spreidde det seg til alle
verdsdelar.
Lån
den filmen, den gir deg trua på at journalistikken er viktig. At det å stilla spørsmål
framleis er noko av det viktigaste me kan driva på med. Og at ein alltid må
vera skeptisk til svara, særleg når dei kjem frå institusjonar med makt. I Spotlight trudde ein meir på
støttespelarar i kyrkja og deira mektige representantar. I Stavanger hausten
2000 trudde politiet at Tina Jørgensen hadde tatt sjølvmord, og gjekk dermed
glipp av verdfull informasjon.
D144/31