27. oktober 2017

Alle skal med – også dei langsame



Eg bur altså på Tjensvoll, med alle desse idrettshallane rundt meg. Heile året er det aktivitet her, med oljemessa ONS og Stavanger Oilers sine ishockeykampar som dei mest kjende. Innimellom er det åstad for årlege turneringar og dette året var det Landsturneringa, det største idrettsarrangementet i landet for psykisk utviklingshemma. 1400 aktive og leiarar frå heile landet samla seg i hallar og på Lassa for å spela handball og fotball. Og svinga seg med kulturministeren på banketten! Det var her Halvor i Stavanger Aftenblad røpte sitt beste sjekketrisk: «Var det en tyv som stjal alle stjernene og puttet dem i øynene dine?» Stort sett funka, trikset, fortel han, men ein kan jo ikkje alltid vera sikker!


            Når eg er på jakt etter gleda, så tar eg turen innom desse arrangementa. Gleda over siger for mål og siger er overveldande for dei som virrar rundt på parketten og fotballbanen. Så sit eg der på tribuna i Stavanger Idrettshall og følgjer ein kamp. Spelet bølgjer fram og tilbake. Blikket vandrar til ei jente/kvinne, som spelar på det eine laget. Ho er ganske langsam i rørslene. Når laget spelar forsvar, står ho der i midten, og følgjer med. Men ho får aldri ballen. Så skårar motstandaren mål, og laget til jenta vår blir med laget i angrep. Dei andre spelarane stormar fram, men ho her har veldig god tid. Ho ruslar framover, på sitt langsame vis, kjem seg nesten fram til dei andre som no er i angrep. Ho får framleis ikkje ballen. Men så skårar dei! Og ho følgjer med, for armane går i véret! Dei andre stormar tilbake i forsvar. Jenta vår snur seg – på sitt langsame vis, og vandrar tilbake i forsvaret sitt. Ho fekk aldri ballen medan eg sat der, men ho var med, på banen, ho sat ikkje på benken. Og ho fekk kjenne på gleda over at laget skåra mål.

            Aldri blir eg meir stolt over den norske idrettsrørsla enn på slike dagar.

D148/36-37

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar