Det
finst skribentar som har dette talentet at dei kjem med så mykje overraskande!
Vinklinga er ikkje main stream, liksom. Det
er som om dei skrudde saman i hovudet på ein heilt annan måte enn alle oss
andre. Eg er så heldig å ha følgje med éin av desse kvar fredag når Dag og Tid
kjem i posten. På siste sida der er det mellom anna eit stort bilete, og det er
biletteksten til dette biletet som eg ser fram mot i spenning kvar helg.
Skribenten heiter Odd W. Surén, han er forfattar og melder også bøker i avisa.
Og altså bilettekstar – eller biletkommentarar er det vel heller.
I
august på denne tid var det til dømes sommar-OL i Rio i Brasil, og avisa hadde
funne dette biletet:
Odd
W. Surén har denne kommentaren:
JEG KUNNE IKKE BALANSERE, OG ‘N KARL KUNNE
IKKE BALANSERE. Det er sanneleg OL i Rio denne veka også, og mange lèt seg
imponera av prestasjonane, men eg vil mana til ei meir nøktern og kritisk
haldning. Ja, kvinna på biletet, Lauren Hernandez frå USA, rører seg opp ned,
men kva så? Hallo, Rio ligg då på den sørlege halvkula! I meldingane står det
dessutan: Lauren Hernandez, bom, og eg er samd, dette var ikkje nokon
fulltreffar, nei!
Øving
for helga: snu opp-ned på ting!
D147/114
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar