Du
og Magel er like på den måten at de alltid har noko i nærleiken av dykk som de
kan lesa i, sa mamma til meg ein gong. Sitatet kom til meg i dag då eg fann
sitatet som er utgangspunktet for dagens bloggpost. For det var jo slik det var. Måtte alltid sørga for å
ha ein tekst klar, ein tekst som kunne gje kvile for forvirra tankar, eller
hjelpa ein vidare med å setja ord på erfaringar. Så her kan eg kjenna meg igjen
i sitatet frå Bjørn Gabrielsen, som er litteraturmeldar i Dagens Næringsliv.
"Sannheten er at ingen starter å lese skjønnlitteratur av rent overskudd. Vi starter lesingen i desperasjon."
Eg
kan la auga vandra over bokhylla, og historiene kjem til meg om kor eg var i
livet då eg las akkurat den og den boka. Dei står der som eit lappeteppe av
livets erfaringar.
Men
så kom dagen der ting roa seg litt. Eg kunne gå inn i bøkene på jakt etter noko
anna enn sjelebot, som eg har gjort denne veka med Maja Lunde si nyaste bok «Blå».
Lunde er blitt ein stor norsk eksportartikkel med «Bienes historie». Med «Blå»
lagar ho også ei forteljing som sakte, men sikkert glir inn i kroppen og der
lev den vidare lenge.
Maja
Lunde tar for seg klimatrugsmålet i bøkene sine. For meg er ho ein dagens
Alexander Kielland. Hans metode var å tenna opp eit bål, og så fylla ut
persongalleriet ut frå korleis dei best gir bensin til bålet. Derfor kan du
lesa Kielland i dag og kasta bøkene hans rett inn i debatten om æreskultur, til
dømes.
Tv-bileta
frå Fiji slår mot meg; korleis eit høgare havnivå gjer at folk på mange øyar
der, snart må seia farvel til landsbyane sine. Eller historiene frå Sør-Afrika
om rasjonering på vatnet. Det er tid for å ta til seg ein ny type desperasjon.
Maja
Lunde er ein god stad å starta.
D151/17
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar