For eit par år sidan tikka det inn på sms ei rekke
med namn eg blei spurt om eg villa intervjua på litteraturfestivalen Kapittel i
Stavanger. Dei fleste visste eg om, men så sto namnet Britt Karin Larsen der,
og eg blei svar skuldig. Kven i all verda er det? Men eg lar ikkje slike
spørsmål stoppa meg, og seier ja til intervjuoppdraget, før eg går journalistisk
til verks. Normalt er det berre éi bok som skal bokbadast, men her forstod eg
tidleg at eg måtte gå drastisk til verks. Larsen var nemleg ute med bok nummer
sju i sin serie om skogfinnane, og då var det berre å setja seg ned. For eit
fantastisk univers som opna seg der! Britt Karin Larsen stammar sjølv frå
skogfinnane, og det er dette folket ho skriv innlevande om i serien.
Skogfinnane var etterkomarar etter finske emigrantar som slo seg ned i
granskogen, og gjorde finnskogkulturen til noko heilt særeige. Stikkord: røykstover,
badstover, finnespråk og ei overtru som lenge sat i.
Då
femte bok i serien var ute i 2013 (serien starta i 2009), meinte meldar
Cathrine Krøger i Dagbladet at Finnskog-serien er ei gåve til samtidslitteraturen,
ikkje mindre enn det. Ho skriv mellom anna om språket til Britt Karin Larsen: «Hele
landskapet er liksom besjelet av hennes vakre skildringer av naturen, av
menneskets indre - av livet selv.»
Krøger oppsummerer: «Vi har svært mye
god litteratur i Norge, men serier som denne er en sjeldenhet.»
Onsdag
6. desember feira Finland hundreårsdagen sin som sjølvstendig nasjon, og då eg
fanga opp ei melding om Britt Karin Larsen og skogfinnane i dagens Kina-bok, så
blei det den eg måtte skriva om. For gledeleg nok: no er Britt Karin Larsen
også ute med bøkene sine i Danmark, til stor glede for litteraturmeldarar der.
Det var den første boka i serien, Det
vokser et tre i Mostamägg, som låg under lupa, og Politiken skreiv mellom
anna: «Det slitsame liv blant småkårsfolk skildres med djærv følsomhed». Og
Weekendavisen meiner Britt Karin Larsen er «nænsom og drabelig, pirrende og
poetisk».
Har
du enno ikkje lese denne flotte romanserien, så set i gang; den er ei sjeldan
litteraturperle som du skal unna deg.
D154/73
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar