Har
du det som meg? At ein av og til kan stadfesta nøyaktig tidspunktet for når ein
venskapleg relasjon, til dømes, gjekk mot slutten? Det var ikkje meir energi igjen
i den liksom. Eller det tidspunktet når du merkar at nokon du har hatt veldig
kjær, misser interessa. Der dei snur ryggen til, bokstavleg tala! – og du ligg
der med einsemda di tilbake. Livet er jo full av desse hendingane. Når du
forstår at jobben din er på veg bort, at foreldre døyr, at verda endrar seg.
Dei
siste vekene har det kome til meg at denne bloggen i noverande form også går
mot slutten. Eg starta i januar 2015, som ein del av mitt store Hovland i
50-år. Målet var å skriva oppdatert om det arkiverte i dei Kina-bøkene eg har
samla stort og smått i. På den måten fekk eg gått gjennom materialet, men først
og fremst ville eg gje meg skrivetrening, og endå viktigare: at eg skulle klara
å gjera ein avtale med meg sjølv! Etablera ei daudline, kvar fredag kl. 14, og
gjennomføra det! Og det har eg klart! Det er blitt 156 saker som ligg her no.
Men no er det altså slutt – i noverande form.
Det
er ei erkjenning også av at for at noko nytt skal stå fram, så må ein seia
farvel til noko anna. Arkivet mitt er dessutan kome ganske nær vår tid, så
potensialet for å fortelja om det arkiverte er ikkje like sterkt lenger. Dessutan
er eg klar for eit nytt format no. No skal eg gå gjennom desse, og mykje anna
som er forma av tekst, og organisera det inn i Jakta på Gudegneisten. Det
kjennest fint å gjera det ved overgangen til eit nytt år. Eg har alltid hatt
eit sterkt forhold til talet 17, og trudde at 2017 var året det nye skulle
brøyta seg fram. No kjennest det ut som at det er 2018. Mykje av ugraset er
luka bort, og eg har laga meg ei bok der eg skal så nye frø. Det kjennest
veldig oppløftande.
Eg
kjem ikkje til å fjerna denne bloggen. Sakene ligg der, og ta gjerne turen
innom for å bli inspirert! Det er veldig mange som har inspirert meg til
sakene. Kanskje brukar eg bloggen til å skriva noko ein dag eg måtte bli
inspirert til det, men då skjer det fordi intuisjonen seier det.
Eg
veit eg har hatt ein liten, trufast gjeng som har lese tekstane. Det har betydd
veldig mykje for meg å veta at de har lest.
Men
no er altså tida inne for å takka for følgjet. Takk for det gamle, som me seier
i desse romjulstider, før me alle vender bladet til eit nytt og reint år. Eg
ønskjer alt det beste for at det blir eit sterkt år også for deg.
Elisabeth