Det
er noko med desse siste vekene av desember. Éin ting er at ein skal førebu seg
til julefeiringa, med alt det inneber av ein ekstra tur i krokar som ikkje har sett støvmoppen på ei stund. Men
det er tid for oppsummering også; avisene er alt i gong. I Klassekampen har
litteraturmeldarar kåra sine tre beste bøker for året, og musikkåret har på
same måte fått sine kåringar. Eg likar desse vekene, samtidig som eg kjenner på
at vinsten for å ha rydda i sjel og sinn ganske lenge, no har ført til at
heimen også er blitt ganske fri for alle haugane med ting og tang og uleste
aviser som låg her og der. Psykiater Finn Skårderud har ei spalte i A-Magasinet
der han for tida er inne i sin serie «Alfabet for sammensatte følelser». Det
var kanskje ikkje rart at eg stansa opp ved bokstaven R – for rydde og reinse – i dag.
Han
tar utgangspunkt i Nina Lykke si flotte bok Nei
og atter nei. Når ektemannen flyttar frå henne og ho sjølv har mista lysta
i livet, føretar ho det Skårderud kallar ei eksistensiell skrumprørsle. Det
handlar om at det blir for mykje for nokon, og då er det ryddinga som blir
vegen ut. Rydding og kasting er blitt ein trend. Skårderud meiner me kan lesa
det som eit teikn i tida. Når det er for mykje å ha oversyn over, sørger ein
for å ha mindre å ha oversyn over. Orden er betre enn rot. Men kontroll via
kroppen er ein skjør kontroll, seier Skårderud, som arbeider mellom anna med
personar med etevegring. Det er nemleg alltid ein risiko for at angsten for rot
blir til reinhetens tvangshandlingar.
Den
store utfordringa, i dei rotete liva våre, meiner Skårderud er å tola det
ureine, tvilen, usikkerheita, nyansane, vårt eige djup, det mørke og dei
vanskelege kjenslene.
Men
det er greitt å ha litt orden også, tenkjer eg, særleg no i juletida – rotet kjem
tidsnok tilbake.
D155/1
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar