Me prøver å halda oss orienterte om det som skjer der
ute i verda; prøver å forstå kva som eigentleg skjer i Midt-Austen, kven som
krigar med kven, kva Impuls-Trump har reagert på sidan siste tweet, kjem Hagen
inn i Nobelkomiteen?, kva skjedde eigentleg på bakrommet i striden om
Statistisk Sentralbyrå?
Og
så lever dei fleste av oss kvardagen her: i kvardagen, der ein står opp og
prøver så godt ein kan å finna meining i dei aktivitetane som ligg føre ein.
Der ein må ta omsyn til dei korta som er delt ut, eller dei erfaringane ein har
gjort seg. Det gjeld både menneske og dyr.
Som
til dømes skjelpadda Bert, som har fått leddbetennelse fordi den har hatt for
mykje sex. Bert held til i ein dyrehage i Norfolk, les me i den vesle spalta på
baksida av Klassekampen som leitar fram slike «kvar med sitt»-historier. Det er
dyrepassaren Martin som fortel at Bert aldri blei den same igjen etter å ha
tatt del i eit paringsprogram i 2011. Skjelpadda Bert må ha hjelp av
fastmonterte hjul for å koma seg rundt på grunn av leddbetennelsane.
Kvar
med sitt.
D153/71
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar