27. februar 2015

Det gode smilet, det gode livet og opplevinga



Innimellom teksttunge artiklar i arkivet mitt, finst det ein del bilete eg har klyppa ut. Det er ofte bilete av jublande idrettsutøvarar, som dette frå europameisterskapen i handball for kvinner i 1998, då Noreg slo Danmark i finalen. Trenar Marit Breivik og kaptein Kjersti Grini etterlet ingen tvil om at dei opplever ei ganske så deileg sigersstund.

Så har du bilete av barn. Eg har annonsa for kåringa av Lano-ungen for 1998. Du veit denne dusjsåpa, der vinnaren fekk biletet sitt mellom anna på refill-flaska, kan me lesa, og der overskotet for dei fem kronene det kosta å stemma på vinnaren, gjekk til Radiumhospitalet si avdeling for barn og unge. Vel og bra. Men desse smila! Det er umuleg ikkje å dra på smilebandet, men også denne tillitsfulle haldninga til livet. Dette er opplevinga av frydefull og ellevill glede! Nyt nokre av desse bileta:

 
Dette året hadde også Aftenbladet ein serie om Det gode liv i spaltene sine. Fotballspelaren Lars Gaute Bø svara slik på spørsmålet om kva som er det gode liv:
”Å finne balansepunktet mellom trygghet og utfordringer. Det er å leve i harmoni med kone og barn, familie og venner. Å ha en jobb og et arbeidsmiljø som inspirerer, å kunne dyrke en hobby, hvor du både kan pleie leken og utfordringen, og å bo på et sted, du har røtter.”
Sorenskriver Jon Høyland svara slik:
”Jeg blir nødt til å se både positive og negative trekk hos meg selv, uten å kunne legge skylden på andre. Erkjenne både lidelsen og ondskapen i meg, og gjøre dem til del av en akseptert helhet. Det å leve i en slik konfronterende livsstil, er ikke alltid behagelig – men det er spennende, og det gir mening.”

”Det spennende liv er å være brennende opptatt av samfunnet”,
meinte forfattar og føredragshaldar Tron Øgrim.

Så stansar eg opp ved eit notat eg har gjort av ein Sinding Oserød. Eg googlar han, og ser at ”Livet” er tittelen på ei bok han gav ut på eige forlag i 1987, ser det ut som. Eg må ha skrive det ned, fordi det tar fatt i opplevinga:
”Livet kan ikke være noe annet enn opplevelsen. Det som ikke oppleves, eksisterer ikke. Hvert vesen skaper altså selv sine livsopplevelser av disse strømmene til hjernen. Enhver skaper sitt liv, til og med sin egen kropp, for også den hører med til opplevelsene. Livet er en evne til å skape elektriske strømmer til livsopplevelser. Det kan ikke være livsopplevelser, og dermed liv, uten disse stoffstrømmene til hjernen. Sansecellene reagerer bare på de mekaniske stoffbevegelsene, intet annet.”
Og Oserød oppsummerer:
”Vite. Erfare. Være. = Meningen med livet”

Rundt desse tidene tok eg sjølv tak i dette med opplevinga. I staden for å la løn, fast jobb eller andre ting vera bestemmande for yrkesval, spurte eg meg sjølv kva opplevingar eg ønskte meg. Det førte meg ut på ei spennande reise. Prøv det du også!

Sinding Oserød si bok kan du lesa på Nasjonalbiblioteket som e-bok.

D9/30/32/40-41/42/62/176


20. februar 2015

Ytringsfridom før karikaturane



Det er når livet innimellom røyner på, at ein får erfara kven som er dei beste venene, heiter det. Kanskje er det også slik med debatten me for tida har om ytringsfridom. Denne fridomen, nedfelt i grunnlova i mange land, har gått frå å vera ei intellektuell øving for særleg interesserte, til å bli noko sjølv den såkalla mannen i gata må ta stilling til. Men kva diskuterte me eigentleg før karikaturstriden sette global fart i spørsmålet om kor grensene går for kva ein skal kunna ytra i det offentlege rommet?

I 1998 var det eit nytt Kapittel i Stavanger; Stavanger internasjonale festival for ytringsfridom og litteratur. ”Finnes det ytringsfrihet i Norge?” var spørsmålet som skarpskodde kvinner og menn skulle diskutera på eit seminar. På talelista sto minister Hilde Frafjord Johnson, Bernt Hagtvet, Francis Sejersted, Anders Heger og Kjartan Fløgstad.

Hagtvet snakka om Alfred Dreyfus-saka; spennet mellom skjebnen til eitt menneske og tunge statsinteresser. Omtrent på denne tida var det me hadde Verdikommisjonen, og Francis Sejersted plasserte denne i ein samfunnsteoretisk samanheng. Anders Heger snakka om prosessen mot forfattaren Agnar Mykle og Kjartan Fløgstad om tabloid journalistikk.

Alt vel så langt; timane på seminaret blei proppa fulle med brennaktuell samfunnsdebatt, melde Aftenbladet sin utsende. Men salen var halvtom! Og han meinte å forklara at det skuldast at seminaret kosta 100 kroner for å koma inn. Viss ein hadde fokusert litt mindre på kva det kosta, kunne dialogen vore i gang. ”Nå går dialogen dessverre videre i de lukkede intellektuelle kretser”. Og det gjorde den altså fram til ei viss dansk avis sette karikaturteikningar på trykk.

Men det er noko med vår indignasjon over krenka menneskerettar, som blir så hul. For det syner seg meir og meir at dei fleste av oss heisar ytringsfridomsfana der det ikkje kostar oss så mykje, verken som personar eller som nasjonar. For mens millionar går i gatene i Frankrike og tusenvis i Danmark til minne om terrorofra der, er det ingen som gjer det same for dei uheldige ofra for USA sin dronekrig i pakistanske landsbyar. Pakistanske politifolk har ingen mulegheit for å opna eld mot avsendarane av dei dødelege våpna, for USA sine attentatmenn er trygt plasserte i USA, med kvar sine joy sticks i hendene. 27. februar er det norsk premiere på filmen ”Drone” av den norske regissøren Tonje Hessen Schei. Sjå den!

D8/32

13. februar 2015

Om å stilla spørsmål



Kor langt skal eg strekkja meg for å ha toleranse for religionars krav på respekt for verdsbiletet deira? Kva skal vera leiestjerne mi i møtet med fundamentalisme? Dette er blant spørsmåla som kjem til meg i etterdønningane etter diskusjonen om ytringsfridom.

To tema har tiltalt meg, ser eg, når eg har samla artiklar i arkivet mitt; den moderne fysikken med alle kvantane,  og New Age-rørsla, som for meg først og fremst har vore ein inngang til å sjå tilværet i eit litt større perspektiv enn det religionen me vaks opp med klarte. Det handla først og fremst om å finna eit nytt språk, trur eg.

Mange i New Age-miljøet har tatt til seg kjensgjerningane i kvantefysikken. Nokon har hevda at viss ein går inn for den nye vitskapen, måtte ein også gå inn for eksistensen av ånd. Dette var temaet for eit intervju som Alf van der Hagen hadde med kvantefysikaren Kristoffer Gjøtterud i Dagbladet 18. september 1989. Gjøtterud blei intervjua i ein serie Dagbladet hadde der dei ønskte å belysa korleis ulike naturvitskapar bidrar til å forma synet vårt på dei humanistiske disiplinane og på verda. 

 
Gjøtterud meiner at ein ikkje utan vidare kunne trekkja slutningar som den over. Derimot blir sjølve mysteriet, det faktum at me ikkje forstår, meir og meir tydeleg, meiner Gjøtterud. Vitskapen kan ikkje levera det åndelege heilheitssynet på tilværet som mange har behov for, meiner han, for kunnskapen vår er alltid fragmentarisk. 
”Det er ren flukt å beskytte seg mot tilværelsens overveldende uvisshet ved å søke enkle svar, enten det er i fysikken eller i teologien”. 
Verken trua eller naturvitskapen har det fulle svaret, meiner Kristoffer Gjøtterud. Dersom den eine pretenderer å ha det, kjem den i konflikt med den andre. Så då gjeld det berre å slå tru og vitskap saman for å få svara, spør van der Hagen. 

”Nei, ikke for å få svarene. Men for å få et grunnlag for å leve med de ubesvarte spørsmålene. Et grunnlag for å leve midt i konflikten!” 
Gjøtterud meiner at den viktigaste allmenn-kulturelle oppgåva til vitskapen er å halda det ope at verda ikkje er kjent og ikkje forstått. 
”Det fantastiske med vitenskapen er først og fremst at den bringer interessante spørsmål. Det er ingen selvfølge.”
Og dette er ei intellektuell tilnærming som tiltalar meg, kjenner eg. Retten til å stilla spørsmål, må vera eit viktig innlegg i debatten om ytringsfridom. Eg blir ullen i sjela når eg møter folk eller system som har alle svara, og som krev respekt av meg for denne ståstaden. Og motsett: eg blir audmjuk når forskarar og intellektuelle skiftar syn, slik Francis Fukuyama gjorde det. Han blei intervjua i Morgenbladets temanummer om Diagnose: Samtiden, i desember 2014. 

”For av og til skjer det noe, hendelser som tvinger deg til å konfrontere noen av dine ideer. Ser du tilbake på det siste tiåret, eller de 13 årene siden 11. september, ble to virkelig store feil begått. En var Irak-krigen, den andre finanskrisen. Begge var knyttet til konservative ideer – konservative i en amerikansk kontekst. Og hvis du har ideer som fører til en stor katastrofe, da må du gjennomtenke disse ideene på nytt. Når det gjelder Irak-krigen, var ideen at USA kunne bruke sin hegemoniske posisjon og harde militære makt til fundamentalt å endre politikken i hele regionen. Det var en fullstendig feil idé. Og finanskrisen? Her var det troen på at uregulerte eller lett regulerte finansmarkeder ville regulere seg selv. Det viste seg å være fullstendig feil. Hvis du ser noe slikt skje og du ikke endrer dine oppfatninger, så er du rett og slett ikke hederlig”.
Lurar på om ordet heiderleg er i IS sitt vokabular, når eg les i vekas Morgenbladet at dei har jaga éin million kristne på flukt frå Irak.

Kristoffer Gjøtterud døydde i 2001.

D7/24

6. februar 2015

Hovud versus hjarta


”La fornuften vinne over følelsene”, 
var meldinga frå NHO-sjefen Kristin Skogen Lund då ho heldt sitt innlegg på NHO sin årskonferanse 8. januar i år. Ho meinte at faren ved å blanda fornuft og kjensler er at me lar vera å gjennomføra ting me eigentleg er einige om. 11 dagar seinare sette reklamemannen Ingebrigt Steen Jensen seg ned for å posta eit innlegg på Facebook-sida si som for ein gongs skuld ikkje handla om fotballklubben Stabæk, men om eit tydeleg nei til sal av Noreg. Det tok heilt av, som det heiter nå for tida når folk kommenterer og trykkjer ”like”.  Han blei latterleggjort også, av Høgre-politikarar, og Jon Hustad som visstnok kalla han ei tom tønne. Og ganske mange kritiserte han for ikkje å ha nok substans og kunnskap om saka.  Men for Steen Jensen handla det om kjensler. I eit intervju med Morgenbladet seier han at det er utruleg mykje det ikkje kan lagast reknestykke av, som i staden treff haldningar og verdiar til folk. Viss folket har sterke kjensler om noko, er det dummaste du kan gjera å latterleggjera dei, meiner reklamemannen.
”Å appellere til fornuften, er verdens største slag i luften”
meiner Piet Hein.

Eg er tiltalt av dette; fornuft versus kjensler. Og mange sitat eg har samla på, tilseier at mange sine liv har tatt litt av når det er hjarta, altså kjensler og intuisjon som har fått styrt livsvala. 


Som artisten Lynni Treekrem:
”Jeg har funnet ut at jobber du med hjertet, og ikke med hodet, blir det du driver på med, helt ærlig og får et særpreg.”
Samtidig er det denne erkjenninga av at hjartevegen ikkje alltid er den lettaste, slik artisten Mari Boine gir uttrykk for:
”Det følger ofte kaos hvis man lytter til hjertet og ikke til hjernen. Kontrollen blir borte, og nettopp her ligger det store skillet mellom naturfolk og bymennesker: Bymennesket tror det kan ha kontroll, mens naturmennesket vet at det ikke er du som lever, men livet som lever deg. Dessuten – i et så ødelagt samfunn er det å hengi seg en enorm sjanse å ta. Det er så mye uærlighet, likegyldighet og mangler på innlevelse. Problemet er bare at når ingen lenger kan hengi seg, gjenstår bare egoismen.”
Sunnmøringen Eldar Sætre er blitt ny Statoil-sjef. Han trudde ikkje at han skulle bli det, for fornufta sa han at har var i ferd med å bli ein gammal mann. Men så let han seg overtyda av kjenslene; av at jobben som konstituert sjef hadde gitt han inspirasjon og glede. Og energien og livsgleda hans fann vegen til ein kafé i Stavanger; eg kjende det fysisk i kroppen, eller i hjarta om du vil, då eg las om det i Dagens Næringsliv, avisa som ikkje har det med å appellera til kjenslene. Ein sjef med slik glede og inspirasjon som leiestjerne, kan eg ha tillit til. Får berre håpa at han held den fram som ei fane framover. For som sjef i Statoil blir du lytta til. Og det gode kjenner ingen grenser.  Ein artikkel om kvanteteorien snakkar om ”ikke-lokaliteten”, det faktum at to delar av eit system held fram med å vera eit heile, og reagerer som eit heile, sjølv om avstanden mellom dei er mange milliardar av lysår.  


Forfattaren Helen Keller, som også var døvblind, sa dette slik: 
”De beste og skjønneste ting i denne verden kan ikke sees eller berøres. De må føles med hjertet.”
Sunnmøringen Ivar Aasen, han med ordbøkene og ordtaka, har sagt det slik i eit ordtak etter han: 
 ”Når elsken er heitast, er halve vitet burte.”
Det må vera sjølve skrekkscenarioet for NHO-sjefen.



D6/41/50/87/95/134/158