”La fornuften vinne over følelsene”,
var meldinga frå NHO-sjefen
Kristin Skogen Lund då ho heldt sitt innlegg på NHO sin årskonferanse 8. januar
i år. Ho meinte at faren ved å blanda fornuft og kjensler er at me lar vera å
gjennomføra ting me eigentleg er einige om. 11 dagar seinare sette
reklamemannen Ingebrigt Steen Jensen seg ned for å posta eit innlegg på
Facebook-sida si som for ein gongs skuld ikkje handla om fotballklubben Stabæk,
men om eit tydeleg nei til sal av Noreg. Det tok heilt av, som det heiter nå
for tida når folk kommenterer og trykkjer ”like”. Han blei latterleggjort også, av
Høgre-politikarar, og Jon Hustad som visstnok kalla han ei tom tønne. Og ganske
mange kritiserte han for ikkje å ha nok substans og kunnskap om saka. Men for Steen Jensen handla det om kjensler.
I eit intervju med Morgenbladet seier han at det er utruleg mykje det ikkje kan
lagast reknestykke av, som i staden treff haldningar og verdiar til folk. Viss
folket har sterke kjensler om noko, er det dummaste du kan gjera å
latterleggjera dei, meiner reklamemannen.
”Å appellere til fornuften, er verdens største slag i luften”
meiner
Piet Hein.
Eg er tiltalt av dette; fornuft versus kjensler. Og mange sitat eg har
samla på, tilseier at mange sine liv har tatt litt av når det er hjarta, altså
kjensler og intuisjon som har fått styrt livsvala.
Som artisten
Lynni Treekrem:
”Jeg har funnet ut at jobber du med hjertet, og ikke med hodet, blir det du driver på med, helt ærlig og får et særpreg.”
Samtidig er det
denne erkjenninga av at hjartevegen ikkje alltid er den lettaste, slik artisten
Mari Boine gir uttrykk for:
”Det følger ofte kaos hvis man lytter til hjertet og ikke til hjernen. Kontrollen blir borte, og nettopp her ligger det store skillet mellom naturfolk og bymennesker: Bymennesket tror det kan ha kontroll, mens naturmennesket vet at det ikke er du som lever, men livet som lever deg. Dessuten – i et så ødelagt samfunn er det å hengi seg en enorm sjanse å ta. Det er så mye uærlighet, likegyldighet og mangler på innlevelse. Problemet er bare at når ingen lenger kan hengi seg, gjenstår bare egoismen.”
Sunnmøringen
Eldar Sætre er blitt ny Statoil-sjef. Han trudde ikkje at han skulle bli det,
for fornufta sa han at har var i ferd med å bli ein gammal mann. Men så let han
seg overtyda av kjenslene; av at jobben som konstituert sjef hadde gitt han
inspirasjon og glede. Og energien
og livsgleda hans fann vegen til ein kafé i Stavanger; eg kjende det fysisk i
kroppen, eller i hjarta om du vil, då eg las om det i Dagens Næringsliv, avisa
som ikkje har det med å appellera til kjenslene. Ein sjef med slik glede og
inspirasjon som leiestjerne, kan eg ha tillit til. Får berre håpa at han held
den fram som ei fane framover. For som sjef i Statoil blir du lytta til. Og det
gode kjenner ingen grenser. Ein artikkel
om kvanteteorien snakkar om ”ikke-lokaliteten”, det faktum at to delar av eit
system held fram med å vera eit heile, og reagerer som eit heile, sjølv om
avstanden mellom dei er mange milliardar av lysår.
Forfattaren Helen Keller, som også var døvblind, sa dette slik:
”De beste og skjønneste ting i denne verden kan ikke sees eller berøres. De må føles med hjertet.”
Sunnmøringen Ivar Aasen, han med ordbøkene og ordtaka, har sagt det
slik i eit ordtak etter han:
”Når elsken er heitast, er halve vitet burte.”
Det må vera sjølve skrekkscenarioet for NHO-sjefen.
D6/41/50/87/95/134/158
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar