Det er når livet innimellom røyner på, at ein får erfara kven som er
dei beste venene, heiter det. Kanskje er det også slik med debatten me for tida
har om ytringsfridom. Denne fridomen, nedfelt i grunnlova i mange land, har
gått frå å vera ei intellektuell øving for særleg interesserte, til å bli noko
sjølv den såkalla mannen i gata må ta stilling til. Men kva diskuterte me
eigentleg før karikaturstriden sette global fart i spørsmålet om kor grensene
går for kva ein skal kunna ytra i det offentlege rommet?
I 1998 var det eit nytt Kapittel i Stavanger; Stavanger internasjonale
festival for ytringsfridom og litteratur. ”Finnes det ytringsfrihet i Norge?” var
spørsmålet som skarpskodde kvinner og menn skulle diskutera på eit seminar. På
talelista sto minister Hilde Frafjord Johnson, Bernt Hagtvet, Francis
Sejersted, Anders Heger og Kjartan Fløgstad.
Hagtvet snakka om Alfred Dreyfus-saka; spennet mellom skjebnen til eitt
menneske og tunge statsinteresser. Omtrent på denne tida var det me hadde
Verdikommisjonen, og Francis Sejersted plasserte denne i ein samfunnsteoretisk
samanheng. Anders Heger snakka om prosessen mot forfattaren Agnar Mykle og
Kjartan Fløgstad om tabloid journalistikk.
Alt vel så langt; timane på seminaret blei proppa fulle med
brennaktuell samfunnsdebatt, melde Aftenbladet sin utsende. Men salen var
halvtom! Og han meinte å forklara at det skuldast at seminaret kosta 100 kroner
for å koma inn. Viss ein hadde fokusert litt mindre på kva det kosta, kunne
dialogen vore i gang. ”Nå går dialogen dessverre videre i de lukkede
intellektuelle kretser”. Og det gjorde den altså fram til ei viss dansk avis
sette karikaturteikningar på trykk.
Men det er noko med vår indignasjon over krenka menneskerettar, som blir
så hul. For det syner seg meir og meir at dei fleste av oss heisar
ytringsfridomsfana der det ikkje kostar oss så mykje, verken som personar eller
som nasjonar. For mens millionar går i gatene i Frankrike og tusenvis i Danmark
til minne om terrorofra der, er det ingen som gjer det same for dei uheldige
ofra for USA sin dronekrig i pakistanske landsbyar. Pakistanske politifolk har
ingen mulegheit for å opna eld mot avsendarane av dei dødelege våpna, for USA
sine attentatmenn er trygt plasserte i USA, med kvar sine joy sticks i hendene.
27. februar er det norsk premiere på filmen ”Drone” av den norske regissøren
Tonje Hessen Schei. Sjå den!
D8/32
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar