6. februar 2015

Hovud versus hjarta


”La fornuften vinne over følelsene”, 
var meldinga frå NHO-sjefen Kristin Skogen Lund då ho heldt sitt innlegg på NHO sin årskonferanse 8. januar i år. Ho meinte at faren ved å blanda fornuft og kjensler er at me lar vera å gjennomføra ting me eigentleg er einige om. 11 dagar seinare sette reklamemannen Ingebrigt Steen Jensen seg ned for å posta eit innlegg på Facebook-sida si som for ein gongs skuld ikkje handla om fotballklubben Stabæk, men om eit tydeleg nei til sal av Noreg. Det tok heilt av, som det heiter nå for tida når folk kommenterer og trykkjer ”like”.  Han blei latterleggjort også, av Høgre-politikarar, og Jon Hustad som visstnok kalla han ei tom tønne. Og ganske mange kritiserte han for ikkje å ha nok substans og kunnskap om saka.  Men for Steen Jensen handla det om kjensler. I eit intervju med Morgenbladet seier han at det er utruleg mykje det ikkje kan lagast reknestykke av, som i staden treff haldningar og verdiar til folk. Viss folket har sterke kjensler om noko, er det dummaste du kan gjera å latterleggjera dei, meiner reklamemannen.
”Å appellere til fornuften, er verdens største slag i luften”
meiner Piet Hein.

Eg er tiltalt av dette; fornuft versus kjensler. Og mange sitat eg har samla på, tilseier at mange sine liv har tatt litt av når det er hjarta, altså kjensler og intuisjon som har fått styrt livsvala. 


Som artisten Lynni Treekrem:
”Jeg har funnet ut at jobber du med hjertet, og ikke med hodet, blir det du driver på med, helt ærlig og får et særpreg.”
Samtidig er det denne erkjenninga av at hjartevegen ikkje alltid er den lettaste, slik artisten Mari Boine gir uttrykk for:
”Det følger ofte kaos hvis man lytter til hjertet og ikke til hjernen. Kontrollen blir borte, og nettopp her ligger det store skillet mellom naturfolk og bymennesker: Bymennesket tror det kan ha kontroll, mens naturmennesket vet at det ikke er du som lever, men livet som lever deg. Dessuten – i et så ødelagt samfunn er det å hengi seg en enorm sjanse å ta. Det er så mye uærlighet, likegyldighet og mangler på innlevelse. Problemet er bare at når ingen lenger kan hengi seg, gjenstår bare egoismen.”
Sunnmøringen Eldar Sætre er blitt ny Statoil-sjef. Han trudde ikkje at han skulle bli det, for fornufta sa han at har var i ferd med å bli ein gammal mann. Men så let han seg overtyda av kjenslene; av at jobben som konstituert sjef hadde gitt han inspirasjon og glede. Og energien og livsgleda hans fann vegen til ein kafé i Stavanger; eg kjende det fysisk i kroppen, eller i hjarta om du vil, då eg las om det i Dagens Næringsliv, avisa som ikkje har det med å appellera til kjenslene. Ein sjef med slik glede og inspirasjon som leiestjerne, kan eg ha tillit til. Får berre håpa at han held den fram som ei fane framover. For som sjef i Statoil blir du lytta til. Og det gode kjenner ingen grenser.  Ein artikkel om kvanteteorien snakkar om ”ikke-lokaliteten”, det faktum at to delar av eit system held fram med å vera eit heile, og reagerer som eit heile, sjølv om avstanden mellom dei er mange milliardar av lysår.  


Forfattaren Helen Keller, som også var døvblind, sa dette slik: 
”De beste og skjønneste ting i denne verden kan ikke sees eller berøres. De må føles med hjertet.”
Sunnmøringen Ivar Aasen, han med ordbøkene og ordtaka, har sagt det slik i eit ordtak etter han: 
 ”Når elsken er heitast, er halve vitet burte.”
Det må vera sjølve skrekkscenarioet for NHO-sjefen.



D6/41/50/87/95/134/158



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar