20. februar 2015

Ytringsfridom før karikaturane



Det er når livet innimellom røyner på, at ein får erfara kven som er dei beste venene, heiter det. Kanskje er det også slik med debatten me for tida har om ytringsfridom. Denne fridomen, nedfelt i grunnlova i mange land, har gått frå å vera ei intellektuell øving for særleg interesserte, til å bli noko sjølv den såkalla mannen i gata må ta stilling til. Men kva diskuterte me eigentleg før karikaturstriden sette global fart i spørsmålet om kor grensene går for kva ein skal kunna ytra i det offentlege rommet?

I 1998 var det eit nytt Kapittel i Stavanger; Stavanger internasjonale festival for ytringsfridom og litteratur. ”Finnes det ytringsfrihet i Norge?” var spørsmålet som skarpskodde kvinner og menn skulle diskutera på eit seminar. På talelista sto minister Hilde Frafjord Johnson, Bernt Hagtvet, Francis Sejersted, Anders Heger og Kjartan Fløgstad.

Hagtvet snakka om Alfred Dreyfus-saka; spennet mellom skjebnen til eitt menneske og tunge statsinteresser. Omtrent på denne tida var det me hadde Verdikommisjonen, og Francis Sejersted plasserte denne i ein samfunnsteoretisk samanheng. Anders Heger snakka om prosessen mot forfattaren Agnar Mykle og Kjartan Fløgstad om tabloid journalistikk.

Alt vel så langt; timane på seminaret blei proppa fulle med brennaktuell samfunnsdebatt, melde Aftenbladet sin utsende. Men salen var halvtom! Og han meinte å forklara at det skuldast at seminaret kosta 100 kroner for å koma inn. Viss ein hadde fokusert litt mindre på kva det kosta, kunne dialogen vore i gang. ”Nå går dialogen dessverre videre i de lukkede intellektuelle kretser”. Og det gjorde den altså fram til ei viss dansk avis sette karikaturteikningar på trykk.

Men det er noko med vår indignasjon over krenka menneskerettar, som blir så hul. For det syner seg meir og meir at dei fleste av oss heisar ytringsfridomsfana der det ikkje kostar oss så mykje, verken som personar eller som nasjonar. For mens millionar går i gatene i Frankrike og tusenvis i Danmark til minne om terrorofra der, er det ingen som gjer det same for dei uheldige ofra for USA sin dronekrig i pakistanske landsbyar. Pakistanske politifolk har ingen mulegheit for å opna eld mot avsendarane av dei dødelege våpna, for USA sine attentatmenn er trygt plasserte i USA, med kvar sine joy sticks i hendene. 27. februar er det norsk premiere på filmen ”Drone” av den norske regissøren Tonje Hessen Schei. Sjå den!

D8/32

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar