Denne veka blei eit nytt forfattarjubileum opna. 19. mars markerte
starten på markeringa av at det er 100 år sidan Alfred Hauge kom inn i verda.
Det er planlagt jubileumsmarkeringar heile året.
Eg har eit sterkt forhold til forfattarjubileum. Mine to mest
interessante arbeidsår hadde eg i 1999 og 2001. I 1999 var eg informasjonsmedarbeidar
i Kielland-jubileet, som markerte at det då var 150 år sidan Alexander L.
Kielland blei fødd, og to år etter hadde eg den same rolla i Garborg-året.
Høvet for eit Garborg-år var 150-årsminnet for Arne Garborg, men det var også naturleg
å ta med kona hans, Hulda Garborg. I Kielland-året blei det mellom anna gitt ut ein eigen Kielland-vin!
I året mellom dei to forfattarjubilea, inviterte Stavanger2000 og Stavanger
Journalistlag til seminar på Rogaland Kunstmuseum. Spørsmålet var om
jubilerande forfattarar var dømt til ufarleggjering? Og spørsmålet er jo
framleis aktuelt. For ikkje berre er det Alfred Hauge som blir minna i år, også
Agnar Mykle opna augo for første gong i 1915 og det er planlagt
jubileumsmarkering også rundt hans forfattarskap.
Forfattaren Karsten Alnæs var invitert for å svara på spørsmålet, han
var då mellom anna leiar i Forfattarforeininga. Alnæs var ikkje overveldande
engsteleg for ufarleggjeringa, sa han på seminaret, sitert etter artikkelen i
Rogalands Avis. Tvert imot meinte han at eit jubileum kunne føra til
nyoppdagingar, nyopplevingar og nylesing av diktaren. Ei ny tid oppdagar nye
ting, sa Alnæs. Han meinte at diktarjubileum gav diktinga fleire mulegheiter.
Ikkje minst gir diktarjubileum politikarane eit påskot til å feira og dette gir
dei økt sjølvtillit, som dei treng! sa Alnæs. Han ytra også eit håp om at
merksemd om kultur og tankeliv kan vera ei motgift mot kjendisreportasjane som
oversym oss. Alnæs, som også er historikar, var elles opptatt av korleis
diktinga kan gjera fortida levande. Og sjølv om jubileum kan føra til usemje om
korleis ein diktar kan forståast, så meinte han at det var slik det skulle
vera.
Tilbake til Alfred Hauge. Kva er det med han som interesserer? Då må eg
tilbake til 1983, eg gjekk siste året på vidaregåande og tida var inne for å
skriva særoppgåve, eller eit litteraturstudium. Valet fall på temaet ”Litteratur
om den norske uvandringa til Amerika”.
I motivet for oppgåva, skriv eg:
”For meg var det eit par grunnar som låg bak dette ønsket, og denne var vel den viktigaste: Cleng Peerson. Han vart fødd på Falkeid i Tysvær, min heimkommune, i 1783. Eg har så lenge eg kan hugsa høyrt om Cleng Peerson – og et visste at han hadde noko med den norske utvandringa til Amerika å gjera. Eg har sjølv vore med og feira han i eit par av dei jubilea som er laga til for han. No sist i mai i år, då 200-årsdagen for hans fødsel vart feira. Men kva visste eg eigentleg om personen Cleng Peerson – om hans liv og virke i Noreg og Amerika? Ingenting! og dette ville eg no ha slutten på!”
Den andre grunnen var å setja meg inn i den norske utvandringa til
Amerika. Cleng Peerson-trilogien til Alfred Hauge og ”Vår egen stamme” av Johan
Bojer var bøker eg tok fatt i. Nå er tida inne for å ta tak i dei andre verka
hans. Etter den fantastiske inngangen til Alfred Hauges bøker som me fekk av
professor Jan Inge Sørbø i bokpraten på Sølvberget torsdag 19. mars, ligg alt
til rette for store leseopplevingar.
Karakter på oppgåva i 3. klasse i 1983?
5 minus.
Ryfylke Livsgnist koordinerer Alfred Hauge-markeringa.
D12/103/124
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar