Det var i år 2000, og i Stavanger feira me tusenårsskiftet med eit stort kulturprosjekt som varte eit heilt år til ende. Ein dag var Jon Fosse i byen, og Stavanger Aftenblad intervjua han.
Men i dag skal eg ikkje sitera frå
intervjuet dei gjorde med han og som stod på trykk 24. mai 2000. For eg hadde
også ein avtale med Fosse, ved det same bordet ved Breiavatnet. Han var nemleg
i byen for å vera med på urpremieren av eit stykke han hadde skrive og som
skulle gå på Rogaland Teater. Fordi det var del av Stavanger2000-programmet,
fekk eg tilgang til han.
Det må ha vore noko med møtet med denne mannen som inspirerte meg til å
presentera intervjuet med han i ei ny form. I ettertid ser eg at det er eit
intervju om Jon Fosses metode. Mellom anna. Teksten blei presentert i nummer 4
av 2000Magasinet.
Han og ho
Eit planlagt møte mellom dramatikaren Jon Fosse og ein journalist.
Han: Eg er ein landsens gut, og eg ser jo at folk
har forskjellige interesser. Sjølv om eg driv med teater, så er eg klar over at
det ikkje er alle som bryr seg om det.
Dei møttest ein dag det var sol
i Stavanger. Eit planlagt møte. Ho hadde fått vete at han var ei blinkande
stjerne på teaterhimmelen.
Ho: Korleis er det å bli samanlikna med Henrik
Ibsen?
Ho tenkte på det Ellen Horn –
den gamle Nationaltheater-sjefen, no kulturstatsråd – hadde sagt: ”Denne mannen
er det beste som har skjedd norsk teater sidan Ibsen!”
Han: Det er klart eg blir stolt og glad av
samanlikninga. Det er jo litt stilig å stå utafor Den Nationale Scene i Bergen,
der det heng to banner med påskrifta Ibsen på det eine, og Fosse på det andre.
Han mys mot sola ved
Breiavannet. Stryk det mørke, halvlange håret bakover, og tar eit nytt drag av
sigaretten.
Han: Eg hadde eigentleg ikkje lyst å byrja å skriva
dramatikk, det blei berre slik. Eg blei lokka av pengane, må eg vel innrømme. I
1992 skreiv et det første skodespelet. Det gjekk veldig kjapt. Eg fekk det til,
hadde tydlegvis eit sovande talent. Det gjekk faktisk veldig greitt… Eg har jo
tenkt mange gonger: Kva kunne eg blitt flink til? Det er ikkje så mange ting.
Men det viste seg at eg kunne skrive.
Ho: Kva er det med deg og skrivinga?
Han: Eg var 12 år då eg byrja å skrive. Det var eit
trykk som pressa på. Eg måtte få ut ting. Eg skreiv ein roman på gymnaset, men
hadde ingen ambisjonar om å bli forfattar. Eigentleg har eg ingen ambisjonar om
å bli noko som helst. Hugs at eg er ein landsens gut. Fram til eg var 15-16 år
budde eg i Strandebarm, så flytta eg til Øystese. Eg er prega av oppveksten,
men meir i blikket enn i stoffet. Henrik Ibsen var forresten også lægdunge.
Han verkar beskjeden. Det er
ikkje ofte han møter blikket hennar.
Han: Eg har eit godt blikk, det innbiller eg meg i
alle fall. Det er kanskje den største tilgangen min. Eg skapar konsentrert
teater. Teateret er jo det: konsentrert liv. Du må utelate og samanfatta. Men
det må vera truverdig, og verkeleg liv. Stor litteratur er meir enn det som er
tillært. For meg blir det ikkje gyldig når det er tillært. Eg vil skriva fram
ting som ikkje var i verda før; situasjonar og personar. Når eg får det til, er
det verdt slitet. Eg driv aldri research. Eg brukar ingenting frå mitt eige
liv, eg diktar. Men det må verke verkeleg. Eg skriv for erkjenninga. Eg veit sjølv
kor bra det er når eg får det til.
Ho: Kor kjent er du? Kjenner folk deg igjen på
gata?
No ser han på henne.
Han: Viss klokka passerer ti ein kveld, kan eg nok
bli plaga. Det er slik fyllerørsplaging. Men eg er nok mest kjent for dei som
er interessert.
Han har skrive eit titals
teaterstykke. Dei fleste har hatt urpremiere på dei viktigaste scenane i Noreg.
Etterkvart er dei også blitt Noregs største skodespeleksport. Berre i år er det
snakk om 10-15 premierer – over heile Europa.
Ho: Er det lite konkurranse blant dramatikarane i
Noreg? Du blir mykje brukt?
Han: Teatra får inn mange stykke. Men det har og
med kvalitet å gjera. Eg diktar i gammaldags forstand. Eg tenkjer ikkje plot
når eg skriv. Men det er bra for Noreg at me har fått ein dramatikar som verda
gidd å bry seg om. Det gjer meg stolt og glad. For eksempel har eit av dei
viktigaste teatra i Paris sett opp Nokon
kjem til å komme, med stor suksess. Men det blir mange premierer. Eg er
ikkje med på leseprøvar over alt. I 1999 hadde eg 170 reisedøger. Etter det har
eg skore kraftig ned. Eg prøver å beskytta meg sjølv.
Det duggar på halvliterglaset
hans. Sommaren tirrar Stavanger. Men ”Vinter” blei namnet på stykket han har
skrive for Rogaland Teater til tusenårsmarkeringa i Stavanger.
Han: Eg sleit lenge med å kome i gang. Prøvde meg
på masse som berre var tull. Men så tok eg utgangspunkt i eit motiv; to som
møtest tilfeldig. Slik sett brukar eg opp igjen eit motiv frå ein tidlegare
roman, Bly og vatn. For meg er forma
viktig når eg skriv. Eg lagar eit slags litterært musikkverk, og gjentakar
mykje, suggerer ein slags musikk, kanskje. Det kan gå lang tid før det løyser
seg, men eg jobbar med det heilt til det kjem. Det er interessant å sjå kva som
skjer med skodespel som blir omsette til språk eg ikkje forstår, tsjekkisk for
eksempel. Orda forstår eg ikkje, men eg ser og høyrer igjen musikken. I Vinter gjekk det rimeleg greitt å få til
forma. Det stykket, som vel alle, handlar om forhold, om relasjonar. Det
offentlege og det private er i det same scenebiletet; ein benk i parken, og
dobbeltsenga.
Ho: Dekalogen var ramme for bestillinga av Vinter. Kva forhold har du til
Dekalogen?
Han: Dekalogen berører på ein måte alt, slik sett
var det inga avgrensing i temaet. Det var eit ope, greitt mandat. Sjølv har eg
eit gjennomsnittleg forhold til dei ti boda. Men eg er ein truande forfattar, i
den forstand at i skrivinga får eg kontakt med noko som er større enn meg
sjølv. Godt teater for meg er når det skjer noko godt i intense augneblinkar.
Då er teater større enn livet. Eg vil ikkje vera bastant, men det er ei
religiøs erkjenning. Skrivinga gir større meining og større nærvær. Det er noko
der. Eit slags kall – misjon i livet. Men når det gjeld framtida er eg
fatalistisk. Eg blir meir og meir dramatikar, anten eg vil eller ei. Det var
den jobben eg fekk.
Ho forstår at ho har truffe ein
stor dramatikar.
Ho: Kor stor er du?
Han: Shakespeare er den største. På andreplass har
eg Tsjekhov og Ibsen. Langt nede på lista ligg Fosse. Hugs Noreg er eit lite
land. Og eg berre ein landsens gut.
Ho: Elisabeth Hovland
D13/82
2000Magasinet nr. 4 2000
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar