Vekas store «nyheit» var at FIFA – det internasjonale fotballforbundet
– er korrupt. «Nyheit» i hermeteikn, fordi det jo er mange som har sagt og kome
med prov om dette i årevis, men nå har altså det sivile samfunnet gått inn og arrestert
personar og gjort livet svært så vanskeleg for familiepateren Sepp Blatter. Når
du les dette, er det avklart om han har fått fornya tillit som president i
FIFA. I går blei det meste av det som skjedde i kulissene i førekant av
tildelinga av fotball-VM for menn i Russland i 2018 og Qatar i 2022, rulla opp
i to dokumentarar på tv. Nå skal rettssaker vurdera det som har kome fram etter
arrestasjonane, men det er Blatter sin tanke om fotballfamilien som festar seg
hos meg. Berre sitat som at ”dette ordnar me internt i fotballfamilien”, burde
skru på mange varsellamper. Det er mange familieoverhovud som har brukt det
same argumentet. Mange av dei var – eller er – psykopatar. Familiar flest er
dessutan bygt opp av ekstreme lojalitetsband og trugsmål om utestenging viss du
ikkje følgjer familiekoden.
Fotball er ikkje ein familie, men eit fellesskap. Der dei som deltar
har ulike roller, men alle er like viktige for det endelege sluttproduktet, frå
foreldra som sel pølser i pølseboda, til dei som nå ventar på storinnrykk for å
samla fotballinteresserte til fotball-VM i Canada.
Som eit slags korrektiv til det som skjer i FIFA om dagen, inviterer eg
nå til eit tiltak for å løfta fram entusiasmen igjen. I kinaboka mi for veke 22
finn eg nemleg tippeskjemaa eg laga til fotball-EM for menn i Belgia og
Nederland i 2000. 30 personar tippa og la 100 kroner kvar i potten! Det blei veldig kjekt, og ho som vann dei
3000 kronene fekk eit flott bidrag til feriepotten. Til fotball-VM i Canada som
startar laurdag 6. juni, har eg tenkt å gjera det same. Viss du vil vera med,
så sender du ein e-post til ehb at stavanger.online.no (krøllalfa der det står
at).
Det beste med denne konkurransen; her er det fotballen som bestemmer
det endelege svaret. Hovland kan ikkje kjøpast! Håpar du har lyst å vera med!
D22/68
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar